Nynorske litteraturdagar 2012
ti 10 jul 2012
Kvinnene dominerer forfattarlista - heile programmet blir lagt ut 31. august - her er eit lite utdrag
Programmet for Nynorske litteraturdagar 2012 er under utforming og me kan alt no presentere nokre av dei litterære og musikalske opplevingane som ventar publikum siste helga i oktober.
Damene dominerer på programmet
Eit generelt trekk ved årets nynorskfest er at damene får stor plass i programmet. Ein av våre mest spennande kvinnelege nynorskforfattarar, Agnes Ravatn, opnar det heile fredag kveld. Ho deltek på Nynorske litteraturdagar for aller første gongen.
Agnes Ravatn (Foto: Paul Bernhard)
Linda Eide har besøkt Nynorske litteraturdagar ved tidlegare høve, då i samband med boka om fjernsynsserien Norsk Attraksjon. Når ho er på plass att i år, så er det med eit anna tema, som arrangøren førebels vil halda hemmeleg.
Linda Eide (Foto: Kristin Helgeland Hauge)
Olaug Nilssen og Brit Bildøen kjem og til Aurland i oktober. Olaug Nilssen har sidan forfattardebuten i 1998 skrive fleire bøker i ulike sjangrar og markert seg som ei uvanleg stemme i norsk litteratur. Mest merksemd har ho fått for romanen Få meg på for fan, ei historie som òg er filmatisert. Nilssen deltek på litteraturdagane for første gongen, med ei heilt ny bok.

Olaug Nilssen (Foto: Lars Myhren Holand)
Brit Bildøen har 20-års jubileum som forfattar i år. Fleire plasserer Bildøen blant våre fremste samtidsforfattarar.
Brit Bildøen
(Foto: Tove K. Breistein)
På den mannlege sida kan so langt nemnast Lars Mæhle, ein forfattar som har skrive fleire bøker for barn og unge og som i haust kjem med ein ny og svært dagsaktuell ungdomsroman om kjærleik, hat og rasisme.
Lars Mæhle (Foto: Tove K. Breistein)
Meir enn litteratur
Nynorske litteraturdagar er meir enn språk og litteratur. Musikk er ein viktig del av arrangementet. Opningskvelden vert det poesikonsert med skodespelaren Arnhild Litleré i hovudrolla. Ho har hatt fleire sentrale teaterrollar, m.a. på Den Nationale Scene i Bergen, Det Norske Teater i Oslo og NRK. Konserten baserer seg på dikt av Jon Fosse og Olav H. Hauge.
Eit anna musikalsk høgdepunkt vert konsert med Tønes, eller Frank Tønnesen som visesongaren frå Sokndal heiter.
Reine humorprogram står òg på programmet, som show med nordfjordingen Roy Aron Myklebust. Han var med under litteraturdagane også 2010, og er no klar med nye sprell frå sine mange karakteristiske figurar. Det er berre å gleda seg til mykje latter og moro.
Ein av Roy Aron Myklebust sine figurar
Mykje også for dei minste
Born og unge er ei viktig målgruppe for arrangøren, men det er enno litt tidleg å gå ut med detaljar om kva dei yngste skal få oppleva.
Det komplette programmet, som vil innehalda mykje meir enn det som er nemnt her, vert offentleggjort fredag 31. august.