Helga 29. - 31. oktober kan Aurland kommune ønskje velkomen til den femte utgåva av Nynorske Litteraturdagar, eit lite jubileum verd å få med seg. 

Programmet for arrangementet er no offentleggjort. Sjå under PROGRAM i menyen over.

Om Nynorske Litteraturdagar

Nynorske Litteraturdagar er eit resultat av ei medviten satsing på å utvikle ulike kulturtilbod i Aurland kommune. Det heile starta med at ordføraren, Olav J. Ellingsen, tok til å dele ut nynorske songbøker til alle nyfødde born i kommunen. Dette er no innført som fast ordning.

Seinare kom "Song for livet", ei større kultursatsing med vekt på den nynorske songskatten. Her samarbeider barnehagane, grunnskulen, kulturskulen og det frivillige kulturlivet. Sommaren 2006 starta Aurland kommune opp prosjektet LITTKRIT. Her fekk ungdomar tilbod om sommarjobb, der dei fekk lese og analysere nynorsk samtidslitteratur. Prosjektet fekk stor merksemd då det vart starta opp. 

Årleg kulturarrangement

Nynorske Litteraturdagar er ei vidareutvikling av desse tiltaka. Målet har vore å etablere eit større årleg kulturarrangement, med vekt på nynorsk litteratur og språk. Vi ynskjer å lage eit arrangement som kan appellere til ulike målgrupper både i høve til alder og interesseområde. Nynorske Litteraturdagar skal ha regional og nasjonal profil, tufta på ei solid lokal forankring. Vi har tru på at denne satsinga vil vere med på å byggje opp om ein positiv identitet, i høve til bruk av nynorsk.

Nynorske Litteraturdagar er lagt til månadsskifte oktober/november. Mørke haustkveldar og dei særeigne fargane i naturen på denne tida av året, gjev ei spesiell stemning. Tradisjonsrike Fretheim Hotel i Flåm er festivalhotell. Saman med Ægir Bryggeri og Pub, Furukroa og Flåm Panorama, har vi mange flotte og særeigne lokale, som bidreg til å lage flotte råmer kring arrangementet. I tillegg er mange av dei andre attraksjonane i kommunen arena for ulike delarrangement. Både kyrkjene våre, Flåmsbana og Nærøyfjorden vert nytta, og er med på å lyfte fram dei litterære opplevingane.

Samarbeid
 
Det er Aurland kommune som står bak Nynorske Litteraturdagar, men samarbeidet med andre er heilt avgjerande for å få til arrangementet. I tillegg til det lokale reiselivet, er Sogn og Fjordane fylkeskommune, Høgskulen i Sogn og Fjordane og dei ulike forlaga viktige samarbeidspartar.

Nynorske Litteraturdagar blir støtta med økonomisk løyving frå Aurland kommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Norsk kulturråd og Aurland Sparebank.

Vi vonar du som publikum får gode opplevingar hjå oss, og at vi kan leve opp til slagorda våre, og framstå som Folkeleg - Raus - Levande.
 

 


Login