Helga 29. - 31. oktober kan Aurland kommune ønskje velkomen til den femte utgåva av Nynorske Litteraturdagar, eit lite jubileum verd å få med seg. 

Programmet for arrangementet er no offentleggjort. Sjå under PROGRAM i menyen over.

Info om Aurland kommune

Aurland kommune, som høyrer til Sogn og Fjordane fylke, har i underkant av 1700 innbyggjarar. Desse er fordelt på soknene Vangen, Flåm, Undredal og Nærøy. Kommunesenteret ligg på Aurlandsvangen.

Turisme

Aurland er etter kvart blitt ein typisk turistkommune, med eit yrande folkeliv i sommarsesongen. Kontrasten til eit rolegare vinterhalvår er stor. Flåmsbana og Nærøyfjorden er dei store turistattraksjonane. I 2006 passerte Flåmsbana 500.000 reisande og Flåm Hamn har kvar sommar mellom 100 og 150 anløp av turistskip. Nærøyfjorden fekk i 2005 plass på UNESCO si verdsarvliste. Dette har auka interessa for området i store delar av verda. Turistnæringa gjev arbeid til mange, men sesongpreget og mangel på heilårs arbeidsplassar er samstundes ei medverkande årsak til at kommunen opplever nedgang i folketalet.

Aurland har eit rikt tilbod av opplevingar basert på lokalt opphav og identitet. Mange har funne ein leveveg i å etablere tilbod med utgangspunkt i lokal mat, kultur og aktivitetar i den fantastiske naturen området kan tilby.

Friluftsliv

Aurland er eit eldorado for friluftsinteresserte. Kommunen har store fjellområde, svært godt eigna for både korte og lange fotturar. Jakt og fiske er utbreidde fritidssyslar for innbyggjarane. Sommar og haust er det mange som syklar den populære rallarvegen frå Haugastøl til Flåm. Både Flåmsdalen og Aurlandsdalen er populære turar for fotturistar. 

Kommunikasjonar

Kommunen har gode kommunikasjonar både austover og vestover. Frå Oslo tek det 4-5 timar med bil. Du kan velje mellom tre ulike fjellovergangar, Filefjell, Hemsedal eller Hol-Aurland. Bilkøyring mellom Bergen og Aurland tek om lag 2 1/2 time. Fleire ekspressbussruter går gjennom området og gjev eit god busstilbod. Den vidkjende Flåmsbana korresponderer med togruter til Oslo og Bergen. Vel du fly som transportmedium er Sogndal Lufthamn næraste flyplass, omlag 1 time frå Aurland med bil. Då verdas lengste tunnel, Lærdalstunnelen, stod ferdig i år 2000 fekk Aurland også eit godt vegsamband nordover i eige fylke.

Vasskraft

Aurland har store vassressursar og mykje av Aurlandsvassdraget er utbygd. E-CO Vannkraft driv 6 kraftstasjonar i kommunen, med ein samla årleg produksjon på omlag 3000 GWh. Kraftutbygginga i Aurland tok til i 1969 og var ikkje avslutta før i 1989.

 


Login