Helga 29. - 31. oktober kan Aurland kommune ønskje velkomen til den femte utgåva av Nynorske Litteraturdagar, eit lite jubileum verd å få med seg. 

Programmet for arrangementet er no offentleggjort. Sjå under PROGRAM i menyen over.

Godt førehandssal
(Tuesday, October 27, 2009)

Førehandssalet av billettar til Nynorske Litteraturdagar er i år betre enn nokon gong. Billettane til nokre av dei mest populære arrangementa kan bli utselde allereie før festivalen tek til.

Det mest populære arrangementet når det gjeld førehandssal er To norske attraksjonar med Linda Eide og Åsleik Engmark laurdag kveld. Her er det no berre få billettar att. Også til opningsarrangementet har det vore godt billettsal, det same gjeld Fjordaquiz og konsert med Olav Stedje fredag kveld.

På mange arrangement er det framleis god plass, men publikum vert oppmoda om å kjøpa billettar på førehand. 


Berre få plassar att til arrangementet med Linda Eide



Lagt inn av: Arve Tokvam - Lest: 1633 ganger

<< Fleire saker

 


Login