(Tuesday, November 03, 2009)
Det vart sett ny publikumsrekord under årets litteraturdagar. Totalt var det 980 betalande på alle arrangement dei tre dagane festivalen varte. Dette er ein auke på over 80 % frå fjoråret. Om vi i tillegg tek med skulearrangementa, gratisarrangement og reknar med inviterte gjester og andre, så ligg det totale talet besøkande på kring 1 500. Dette er arrangøren svært nøgd med.
Heilt utseld på fleire arrangement
Fleire av arrangementa i år var heilt utselde. Dette gjeld Fjordaquiz og konsert med Olav Stedje, barne- og familiearrangementet med Geirr Lystrup og To norske attraksjonar med Linda Eide og Åsleik Engmark laurdag kveld. I tillegg var det mykje folk på opningsarrangementet fredag og på avslutninga i Aurlandshallen søndag kveld.
Arrangøren skulle ønskt at ein del av dei reint litterære programpostane hadde hatt fleire besøkande. Slike arrangement appellerer tradisjonelt til ein mindre del av publikum, men ein hadde likevel forventa noko høgare tal besøkande til nokre av desse arrangementa. Det hadde dei absolutt fortent, då mange av dei var av svært høg kvalitet. Det verkar som publikum ikkje heilt ”får augo opp” for denne type arrangement.
Avslutning i den nye fleirbrukshallen
Aurlandshallen vart for første gong nytta som konsertlokale under årets litteraturdagar. Avslutninga søndag kveld med Finn Tokvam og gruppa Lomsk, synte at hallen er svært godt eigna til denne type arrangement. Både lydpersonell og medlemane i Lomsk skrytte uhemma av Aurlandshallen som konsertlokale. Det syner at dei tiltak som er gjort under bygging av hallen for å skapa gode lydtilhøve, har gitt resultat. Aurlandshallen bestod prøva med glans.
Sjølv om avslutningsarrangementet totalt samla litt over 200 personar, så var dette noko mindre enn det arrangøren hadde forventa. Eit fellesarrangement med Finn Tokvam og Lomsk burde absolutt hatt potensiale til meir publikum. Det var ei flott oppleving som enno fleire burde ha nytta høve til å få med seg.
Gjennomgåande høg kvalitet
Totalt var det 21 delarrangement under Nynorske Litteraturdagar 2009. Det har gjennomgåande vore høg kvalitet på alle desse. Det tyder både arrangøren si eiga oppsummering so langt og tilbakemeldingar frå publikum på. Arrangør Aurland kommune får generelt svært gode tilbakemeldingar frå publikum, forfattarar og andre aktørar, både på innhald og gjennomføring. Eit moment som vert trekt fram er den fine breidda i programinnhaldet, her har vore noko for dei aller fleste.
Som nytt av året har me trekt inn kunst som eit element i Nynorske Litteraturdagar. Den lokale biletkunstnaren Åse Bjørnestad Dale har, saman med Oddvar Torsheim og Gunvor Rasmussen, hatt utstilling på Fretheim Hotel under heile arrangementet. Dette har vore populært og er noko me ønskjer å ha halda fram med seinare år.
Ein viktig faktor i det å skapa gode opplevingar, er å ha eigna arrangementsstader. I år har Nynorske Litteraturdagar vore spreidd på fleire lokale enn nokon gong tidlegare. Stor takk til Fretheim Hotel, Flåmsbrygga og Flåm Panorama for måten dei har lagt til rette på. I tillegg til desse stadene har Nynorske Litteraturdagar i år vore både på ABU, på Flåm Skule, på Aurland Helsetun, i Galleri Vinjum og i Aurlandshallen.
Mange frivillige
Talet på frivillige personar som tek del under sjølve gjennomføringa av Nynorske Litteraturdagar aukar kvart år, dette året var mellom 20 og 25 personar med. Desse gjer ein fantastisk jobb og er heilt avgjerande for å få dette til. Dei skal ha mykje skryt for innsatsen sin.
Totalt sett konkluderer Aurland kommune med vel gjennomførte litteraturdagar, det fjerde arrangementet i rekkja. Det tek tid å byggja opp nye tiltak, men årets publikumsoppslutnad syner at Nynorske Litteraturdagar no er i ferd med å finna ei form som når eit breitt publikum.
Takk for denne gong og velkomen til nye litteraturdagar i 2010! Neste år går arrangementet av stabelen 29. – 31. oktober.

Oddvar Torsheim sette sitt preg på Flåm i helga. Her saman med ordførar Olav J. Ellingsen. For dei som skulle vera i tvil, Torsheim til venstre.
Lagt inn av: Arve Tokvam - Lest: 1539 ganger
<< Fleire saker
|