Helga 29. - 31. oktober kan Aurland kommune ønskje velkomen til den femte utgåva av Nynorske Litteraturdagar, eit lite jubileum verd å få med seg. Programmet for arrangementet er no offentleggjort. Sjå under PROGRAM i menyen over.
Nynorske Litteraturdagar har ein flott stab av frivillege, som hjelper til med mange oppgåver under arrangementet. Men me har enno plass til fleire, og dersom du har lyst å vere med, so kan me ønskje deg velkomen til ein flott gjeng av medarbeidarar. Som frivilleg får du gratis inngang på dei arrangementa du ikkje har arbeidsoppgåver. Arbeidet er også slik, at dei frivillege stort sett får med seg mykje av det som skjer på festivalen. Ta kontakt med oss om du vil hjelpa til, sjå kontaktinformasjon anna stad på nettsida.
Aktuelt arkiv