Litteraturdagane vert gjennomført etter planen så langt råd er!

Eit knippe gode hjelparar i hallen søndag.jpg

Mykje nedbør har ført til ein voldsom flaum i Flåmsvassdraget, og i skrivande stund (onsdag kl 1755) er det usikkert kor stort skadeomfanget er sjølve festivalområdet.

Men det som tykkjest sikkert alt no, er at festivalen vil bli gjennomført med dei programpostane som er planlagde.

Me som sit med ansvaret for festivalen,  ønskjer å presisera at me føler strekt med dei som er ramma av denne tragiske flaumen. Heldigvis ser det ut til at liv ikkje har gått tapt, og me veit at ei avlysing av festivalen ikkje ville gjera tragedien mindre, snarare tvert om; no treng me å skapa kulturelle lyspunkt som kan opplevast som ei lindring av denne tragiske hendinga.