Program Aurlandskonferansen 2013

Regional konferanse - Programmet er klart

Aurlandskonferansen vert i år arrangert for 6. gongen. Konferansen er ein årleg møteplass for næringslivet, utviklingsaktørar, politikarar, offentleg forvaltning og utdanning. 

Aurlandskonferansen er eit samarbeid mellom Nynorske litteraturdagar, som var initiativtakar til konferansen, Aurland Næringsutvikling AS, Aurland Sparebank og Sogn regionråd.

Slagorda til Aurlandskonferansen er Framover ... saman, eit fokus på at framgang svært ofte blir skapt i samarbeid med andre og gjennom semje om mål og retning.

Aurlandskonferansen 2013 går av stabelen 22. - 23. oktober. 

Årets konferanse har to hovudtema:

  • Dag 1: Regionale utfordringar og regionalt samarbeid
  • Dag 2: Entreprenørskap og utvikling

Program
Aurlandskonferansen 2013_program og invitasjon.pdf

Påmelding til post@aurlandprosjektteneste.no innan 10. oktober.