Programmet for 2014 er klart.

Litteratur - språk - musikk ... og mykje anna moro

Då er programmet for årets nynorske kulturfest i Aurland på plass, med mykje spennande og interessant for ulike målgrupper.

I år har me valt "Noreg på godt og vondt" som arbeidstittel på arrangementet. 200-årsmarkeringa av grunnlova høyrer sjølvsagt under det første, og det at grunnlova no kjem i moderne nynorsk språkdrakt er svært gledeleg. Under programpostar som sorterer under det vondare slaget, kjem mellom anna boka "Gi meg heller livet" frå Skald forlag, der kvardagen til 13 veteranar frå oppdrag i Libanon, Irak, Balkan og Afghanistan blir skildra i ord og bilete. 

Litteraturen og språket står sjølvsagt framleis sentralt i festivalen, men i tillegg byr me også i år på eit breitt utval av musikalske opplevingar.   

Programmet vil bli sleppt i eit eige arrangement i først halvdel av september, og etter det blir heile programmet lagt ut på denne sida.