Programmet tek form

Mykje å gleda seg til

Arbeidet med programmet for årets litteraturdagar er i godt gjenge. Publikum kan sjå fram til eit innhaldsrikt program med litterære og musikalske opplevingar, der det nynorske språket og dialektane står i sentrum. Alt no kan me presentera smakebitar frå programmet.

Tradisjonen tru inneheld programmet både etablerte og nye forfattarar. Are Kalvø vitjar Nynorske litteraturdagar for andre gongen når han i år kjem for å snakka om Ny grunnlov, ei bok som også har vore tema i ein eigen fjernsynsserie på NRK i vinter.

Are Kalvø (Foto: Geir Henning Hopland)

Are Kalvø (Foto: Geir Henning Hopland)

Jan Roar Leikvoll debuterer som deltakar på Nynorske litteraturdagar. Han har markert seg som ei av dei sterkaste og mest originale stemmene i norsk litteratur. Debutromanen Eit vintereventyr vart omtala som ein «mirakuløs debut» og Fiolinane har blitt kalla eit «meisterverk». I år kjem han med ny roman, om einsemda som oppstår når verda ein trudde var trygg og meint å vara for alltid, med eitt viser seg å vera både farleg og umogleg.

Jan Roar Leikvoll (Foto: Tove K. Breistein)

Jan Roar Leikvoll (Foto: Tove K. Breistein)

Linn T. Sunne er tildelt Brageprisen to gonger, i 2007 i klassen for barne- og ungdomsbøker for boka Happy, og i 2012 i Open klasse – ungdomsbøker for boka Lille ekorn. Ho kjem til litteraturdagane med ei ny ungdomsbok, om ung kjærleik, psykisk sjukdom og foreldrerelasjonar.

Linn T. Sunne (Foto: Tove K. Breistein)

Linn T. Sunne (Foto: Tove K. Breistein)

Blant mange andre forfattarar er det også fleire frå eige fylke. Jostein Avdem Fretland og Mariell Øyre debuterer som forfattarar i år. Dei kjem til Aurland for å snakka både om boka og korleis det er å vera sambuarar og samstundes skriva bok i lag. Det vert også møte med lyrikaren Kjartan Hatløy. Programmet inneheld i tillegg fleire andre forfattarar frå Sogn og Fjordane.

Nynorske litteraturdagar har også mykje å by dei yngste. Dette vil skje både gjennom arrangement i barnehage og skule og som opne arrangement under sjølve festivalen. Det vert eit nytt musikalsk møte med Geirr Lystrup, som hadde stor suksess då han var med oss i 2009. Av litterære ting kan nemnast at dei aller minste får møta smokkefeen Tutta, medan det skal handla om monster for dei litt eldre barna.

Språkåret og fylkesjubileet
Nynorske litteraturdagar skal sjølvsagt også markera Språkåret 2013, m.a. blir «Det fleirspråklege Noreg» hovudtema i eitt av arrangementa under festivalen. Språkåret er ei raus, inkluderande og samlande feiring av alt språk i Noreg, med grunnlag i 200-årsjubileet for Ivar Aasen.

I år feirar Sogn og Fjordane fylkeskommune 250 år. I samband med dette har fylkeskommunen gjennomført ein skrivekonkurranse for ungdom i samarbeid med tre litteraturfestivalar i fylket. Vinnarane av skrivekonkurransen skal annonserast på opningskvelden. I samband med fylkesjubileet vil Ove Eide ta oss med på ei litterær reise i Sogn og Fjordane gjennom 250 år. Bokmeldingar vert også tema for ein debatt.

Musikk og humor
Dei musikalske innslaga har ein viktig plass i den nynorske kulturfesten. På opningsarrangementet, som tradisjonen tru byr på eit variert innhald, får publikum m.a. høyra Linda Gytri frå Oldedalen i Nordfjord. Med sin nyskapande trekkspelmusikk treffer ho lyttaren midt i hjarta.

Linda Gytri (Foto: Oddleiv Apneseth)

Linda Gytri (Foto: Oddleiv Apneseth)

Bjørn Jensen, kjent frontfigur i Salhus Vinskvetten og Ausekarane, deltek både på opningsarrangementet og med eigen konsert seinare på fredagskvelden.

Bjørn Jensen

Bjørn Jensen

Gabriel Fliflet er godt kjent for publikum på litteraturdagane. I år har han med seg tre andre musikarar. Konserten har tittelen Valserie, eit verk bestilt av Vossajazz og urframført der tidlegare i år. Med valsetakten som fundament og bindeledd vert det melodiar med musikalske røter både i Noreg, Paris og Balkan.

Charlotte Audestad frå Hitra, no busett i Trondheim, er eit nytt og spennande namn som me gler oss veldig til å høyra. Ho drøymer om å fengja folk med særeigen, trøndersk visepop.

Åsleik Engmark, som tok Nynorske litteraturdagar med storm då han var her i 2009, får ansvaret for å lokka fram latterkulene hjå festivaldeltakarane. Stand Up, basert på særeigne ting frå lokalsamfunnet og nærområdet der han opptrer, har vorte ein spesialitet for Engmark.

Åsleik Engmark og Jon Rørmark (Foto: Stand UP Norge)

Åsleik Engmark og Jon Rørmark (Foto: Stand UP Norge)

Det fullstendige programmet for Nynorske litteraturdagar vert annonsert fredag 6. september.