Nynorske litteraturdagar med ny organisering

1. januar i år gjekk stiftinga Nærøyfjorden verdsarvpark  inn ein avtale med Aurland kommune om å ta på seg ansvaret for å administrere, planlegge og drifte Nynorske litteraturdagar. Ein ny prosjektleiar vart tilsett i mars, og eit nytt styre vart konstituert rett før påske. Nynorske litteraturdagar går våren i møte med godt mot, og planlegginga av årets program er alt i gang. Er du nysgjerrig på kva slags forfattarar, artistar og kunstnarar du vil få treffa i samband med Nynorske litteraturdagar 30. oktober-1. november i år? Følg oss her og på Facebook