Nytt styre i Nynorske litteraturdagar

Det nye styret i Nynorske litteraturdagar var samla til eit svært konstruktivt styremøte rett før påske, og arbeidet med årets festivalprogram er no i full gang. Alt no har me spennande namn på plakaten, som me ser fram til å presentera for dykk ved eit seinare høve. Det nye styret er sett saman av kreative og engasjerte folk, så her er det berre å følgja med! Ta gjerne kontakt med oss om de har innspel eller gode forslag.

Frå venstre på biletet: Leif Inge Underdal, Martin Hendriks (styreleiar), Torunn Todal Laberg (prosjektleiar) og Monica Hille.