Rune Timberlid til Nynorske litteraturdagar 2015

I samband med Verdas Bokdag i dag 23. april, lettar me på sløret og avslører at kongen av krim på nynorsk er klar for Nynorske litteraturdagar 2015!

Dei fleste krimelskarar kjenner godt til politibetjent Rolf Randen - og det er han me møter også i Timberlid si siste bok, som har fått tittelen Satans mor. For dei av dykk som enda ikkje har kasta dykk over denne boka, kan me lokka med at det er dei indre delane av Sogn som er utgangspunktet for forteljinga, og boka inneheld elles alle ingrediensar ein kan ønskja seg i ein god krim.

Det norske samlaget skriv dette i omtalen av boka: "Midt under ein heftig debatt om cruisetrafikken blir ei ny cruisekai i Sognefjorden blåst til himmels av ei bombe. To ordførarar i distriktet mistar livet i eksplosjonen. Det kan vere eit terroranslag mot den norske turistnæringa, men politibetjent Rolf Randen finn snart ut at mange av innbyggjarane i distriktet også har motiv for å stå bak ugjerninga."

Det er berre å setja av helga 30. oktober-1. november!

Og lurer du på kva bok Rune Timberlid meiner du bør lesa denne våren, kan du klikka deg vidare til facebook-sida vår her

Rune timberlid er kul fyr
— Vidar Bondevik
Rune Timberlid.jpg