Billettsalet går så det susar!

Me har hatt eit fantastisk førehandssal av billettar og pass i år - og det gjer at me gler oss enno meir til festival, sidan me veit at det vil dukka opp kjekke folk i store mengder!

Nokre arrangement nærmar seg faktisk utselt, så dersom du framleis er i tenkjeboksen tilrår me at du kastar deg rundt og kjøper billettar i staden. 

Me vil også tilrå dykk å legga turen innom festivalbokhandelen vår på Fretheim Hotel opptil fleire gonger i løpet av helga. Me har henta inn eit variert utval bøker frå ulike forlag, og i tillegg vil de også finna enkelte utgjevingar med særskild tilknyting til Sogn. Eit døme på dette er boka Gryta i fjorden, skriven av Johs B. Thue og Eirik Thue - ei bok som tek føre seg all den gode maten ein kan hausta i  og ikring Sognefjorden. Forfattarane sjølve stiller på stand i samband med marknaden vår laurdag frå kl 11, så stikk gjerne innom for ein matprat!

I tillegg vil det vera mogleg å kjøpa enkelte cd-ar hjå oss, slik som Longhorn sin siste cd "Pao eigne bein". 

Vel møtt til alle frå i morgon av! Og hugs at sekretariatet vårt no vil vera å finna ved hovudinngangen på hotellet - ikkje i gamledelen.