Boksal på Fretheim

ymsedamer torsheim.jpg

Me er svært glade for at Skald forlag, Selja forlag og Det Norske Samlaget skipar til boksal på Fretheim også i år. I førekant av kabareten med Ragnar Hovland og Atle Hansen kl 21 fredag kveld vil dei første bøkene vera på plass for sal. 

I tillegg dukkar det nok opp ein og annan forfattar eller representant for forfattarar som vil selja bøker i tillegg - så det er vel verd å ta turen innom både før og etter arrangementa våre.

Vel møtt!