Drypp frå festivalprogrammet 2016

Nynorske litteraturdagar 2016 avslører:

Endeleg er me klare for å letta litt på sløret - og i samband med at festivalhotellet vårt, Fretheim Hotel i Flåm, arrangerer VAMP-konsert i hagen i kveld, ønskjer me å avsløra noko av det dykk har i vente i 21.-23. oktober i år. Spesielt gledar det oss å fortelja at me har fått i stand eit samarbeidsprosjekt med Flåm AS/The Fjords som involverer musikar Karl Seglem, vår lokale forteljar Jorunn Barane og den imponerande hybridbåten Vision of The Fjords som snart vil vera i drift i Nærøyfjorden. Her er det berre ein ting som gjeld, og det er å setja av helga 21.-23. oktober 2016! 

Me har også lagt ut 10 festivalpass med snarfugl-rabatt for dei som har lyst til å sikra seg billettar alt no! Til informasjon vil billett for båttur ut i fjorden koma i tillegg. Sjå her for festivalpass.