Elena Ferrante-feberen til Flåm

Har du lest "Mi briljante venninne" av Elena Ferrante, seier du? Ja, det har me også. Og som hundretusenvis av andre lesarar over heile verda har forteljinga om dei to venninnene Elena og Lila fenga oss stort. 

I oktober vil den fjerde og siste boka i Napoli-kvartetten vera klar på norsk. Omsetjar Kristin Sørsdal har med stødig hand sett om alle dei fire bøkene frå italiensk til nynorsk - og ho kjem til Nynorske litteraturdagar for å snakka om mellom anna Elena Ferrante, omsetjing og den sensasjonelle suksessen denne italienske forfattaren har hatt over heile verda. Sørsdal vart i april i år heidra med Målprisen 2016 for sin innsats med Ferrante-bøkene.

Forfattar og prisvinnande omsetjar Øystein Vidnes kjem for å samtale med Kristin Sørsdal. Vidnes er vidgjeten for omsetjingane av Angelika Klüssendorf sine bøker "Jenta" og "April". I tillegg har Vidnes stått bak den imponerande omsetjinga av verka til Fernando Pessoa - som vert rekna som Portugal sin nasjonaldiktar. 

Me ser verkeleg fram til å høyra desse to snakka om denne fascinerande romankvartetten, om omsetjing, språk og skriving. 

Me ønskjer alle vel møtt til denne spennande samtalen på Fretheim hotel søndag 23. okober 2016!

Klar i oktober: Historia om det tapte barnet

Klar i oktober: Historia om det tapte barnet

Kristin Sørsdal - omsetjaren av Napoli-kvartetten til nynorsk. FOTO: Jan Lillebø

Guest User