Festivalen er igang!

Eit fantastisk knippe menneske tok del i opningsarrangementet vårt i Fretheimsalen. Takk til ordførar Noralv Distad for ein flott opningstale, Jorunn Barane for segni om huldresølja, Karl Seglem for bukkehornspel og diktlesing, Anne Rivenes for diktlesing, kjøkkensjef Bjarte Finne og kokk Hanne Frosta for presentasjon festivalmiddagmenyen, Simone Stibbe og Øystein Vidnes frå SKALD forlag for deira fantastiske arbeid med Nynorske klassikarar-serien og sist, men ikkje minst, flinke Aira Steine Bortne og Inger Anne Kvam frå Aurland musikk- og kulturskule for flott song og spel!  Nynorske litteraturdagar er i gang!