Formidling av lokal litteratur på nynorsk

Eit hovudføremål for Nynorske litteraturdagar er å løfta fram den lokale litteraturen, og slik få fram variasjonen og kvaliteten ved den nynorske samtidslitteraturen med tilknyting til nærområdet vårt.

I Sogn og Fjordane er me velsigna med to svært gode forlag, Skald Forlag på Leikanger og Selja Forlag i Førde. Utgjevingane deira held høg kvalitet, og dei har ei variert og god haustliste også i år.

Skald si haustliste ser du her.

Selja si haustliste ser du her.

Nynorske litteraturdagar har eit godt samarbeid med dei lokale forlaga, og representantar for forlaga vil vera å treffa i samband med festivalen. Publikum vil tradisjonen tru få høve til å kjøpa bøker direkte frå forlaga på Fretheim hotel - og spesielt fokus blir det sjølvsagt på dei forfattarane som er ein del av festivalprogrammet. 

Frå Skald forlag kjem forfattarane Johs. B. Thue saman med fotografen Thomas Morel, Sigri Sandberg, Rolf Losnegård, Oddvar Torsheim, Janne Marit Øye og Øystein Vidnes

Frå Selja forlag kjem forfattarane Finn Egil Eide og Ove Eide.

Bokutsalet vil vera tilgjengeleg for publikum på Fretheim hotel heile helga 30. oktober-1. november. 

Bøker frå Det norske samlaget vil også vera for sal, i tillegg til andre aktuelle, lokale utgjevingar.