Ægir fredag er utselt

Arraangementet på Ægir fredag kveld er no utselt, men det kan framleis vera sjans for å få ein plass om du møter i døra. Det kan vera at ikkje alle med dagpass/festivalpass møter, og i dei tilfella kjem me til å fylla alle tomme stolar med publikum som står i døra.

Men fortvil ikkje om du ikkje får plass på fredagsarrangementet vårt. Du får uansett sjansen til å oppleva kabareten "Johnny tar kvelden" med Ragnar Hovland og Atle Hansen i Fretheimsalen kl 21, og i tillegg kan me melda at laurdag kveld med PILS, Soga om Seselja og Åshild Mundal blir ein fantastisk kveld - og der er det framleis billettar å få tak i!