Godt i gang!

Laurdagen startar på Flåmsbrygga, der Johs B. Thue og Thomas Morel fortel om den populære turistboka dei saman har laga ei nyutgjeving av - Flåmsbaneboka. På Fretheim hotel fortel Berit Rødstøl ungane historia om "Frøppeldunk", ei eventyrleg forteljing om venskap, campingplassliv og miljøvern. Ei triveleg stund for dei minste.

Me er så vidt i gang med programmet vårt for i dag, og har mykje å tilby utover dagen. Me sjåast!