I gang med programslepp!

Då er me endeleg i gang med programslepp på facebook, og det er flotte namn me har på plakaten. Så langt har me avslørt at Bragepris-vinnaren Ruth Lillegraven kjem, i tillegg til sjølvaste Ragnar Hovland og multikunstnaren Oddvar Torsheim. Og desse tre må ein vel kunna hevda representerer ein svært lovande start på programsleppet! Me gler oss stort til å ta i mot både forfattarar, musikarar og publikum i Aurland siste helga i oktober, og følg oss gjerne på sosiale media for å få med deg resten av programsleppet fortløpande.