Kortreist og lokal marknad på hotellet

I Aurland kan du leva godt, eta godt, gå sakte og nyta livet. Og noko av dette ønskjer me å ta med oss inn i Nynorske litteraturdagar også. Laurdag mellom kl 11 og 16 kan du difor møta representantar for SAKTE på stand på Fretheim Hotel med sine kortreiste og lokale produkt. SAKTE sine representantar finn de i hovudresepsjonsområdet i tilknyting til festivalbokhandelen vår - og me kan freista med sal av både deilige ostar, god drikke og andre kortreiste produkt. Sivle-laget vil også vera til stades.

Marianne frå Marianne Kafe og Bakeri

Marianne frå Marianne Kafe og Bakeri

SAKTE sine representantar som held til på Aurlandsvangen held også ope på laurdag frå kl 10-16 og søndag frå kl 12-16 i førekant av Sigrid Moldestad-konserten i Vangen kyrkje kl 16. Ta turen innom glasblåsaren Merete Rein sitt galleri og nyt god mat og drikke på Marianne Kafe og Bakeri.  

Desse produsentane møter du på Fretheim hotel laurdag frå kl 11:

Undredal stølsysteri med kvit og brun geitost

Skjerdal gard/stølsysteri med ost, geiteskinn og spekepølsa

Huldra med garn m.m

Marianne Kafe og Bakeri med bakst, syltetøy og saft

Jordbruksskulen med eplesaft og epler

Merete  Rein med glasprodukt

Sivle-laget med bøker