Nytt i år: Litterær speed-dating med SKALD forlag

Har du ein forfattar i magen? Eller kanskje du har ein god idè og kjenner ei stadig sterkare skrivekløe? No kan du prøve ideane dine på ein ekte forlagsredaktør!

Under  Nynorske litteraturdagar i år får du nemleg sjansen til å gå på speed-dating med forlagssjef Simone Stibbe i SKALD – og kanskje er det akkurat din bokidè som tenner gneister hjå det lokale forlaget på Leikanger.

– Men det er ikkje berre forfattarspirer me ser etter, presiserer Stibbe. Både omsetjarar, designarar, fotografar og illustratørar er hjarteleg velkomne til ein kjapp prat med oss!

Forlagssjef Simone Stibbe er klar for å møta akkurat deg på Nynorske litteraturdagar i år!

Forlagssjef Simone Stibbe er klar for å møta akkurat deg på Nynorske litteraturdagar i år!

SKALD forlag vil ta i mot folk fortløpande søndag 23. oktober mellom kl 11 og 12:30, i resepsjonsområdet til Fretheim hotell i Flåm.

Så har du ein god idè, eller eit eller anna kreativt prosjekt som ligg og ulmar, fyll ut skjemaet og ta det med deg på festivalen. Det kjem også til å liggja skjema på sekretariatet vårt under Nynorske litteraturdagar.

Vel møtt!

Last ned skjemaet her: Litterær speed-dating