Programendring - Landro inn for Fløgstad

Vår eminente bokbadar Jan H. Landro steppar inn og presenterer eige prosjekt!

Vår eminente bokbadar Jan H. Landro steppar inn og presenterer eige prosjekt!

Kjartan Fløgstad må diverre melda avbod til årets arrangement, og sjølv om det alltid er trist å måtta avlysa annonserte programpostar, så er det ei glede å informera om at tidlegare kulturredaktør i BT og vår eminente bokbadar Jan H. Landro har takka ja til å steppa inn. 

I 1932 måla Bernt Tunold dette motivet frå Mundal i Fjærland.

I 1932 måla Bernt Tunold dette motivet frå Mundal i Fjærland.

Landro er aktuell med ein biografi om målaren Bernt Tunold (1877-1946) frå Selje og vil fortelja om hans liv og kunst. Tunold var samstundes med Astrup og kom litt urettferdig i skuggen av han. Tunold har nærast kartlagt Vestlandet gjennom kunsten sin. År etter år var han på målarferd, frå Sunnmøre i nord til indre Ryfylke i sør, men framfor alt oppheldt han seg i Sogn og Fjordane, sjølv om han i fleire tiår hadde Bergen som bustedadresse. Boka er i produksjon frå Selja Forlag i desse dagar og skal lanserast 8. november i år. Festivalpublikumet får altså ein første og såleis eksklusiv presentasjon av dette bokprosjektet. 

Jan H. Landro blir elles å treffa på festivalen vår i samtale med Gunnhild Øyehaug og Lars Amund Vaage. 

Billettinfo:

Dei som alt har kjøpt enkeltbillett for å høyra på Kjartan Fløgstad, vil få refundert denne. Meld frå i sekretariatet på Fretheim hotel. Eventuelt kan de nytta billetten for å koma inn på eit av dei andre bokbada våre. Vel møtt!

Guest User