Programendring - Nynorske klassikarar steppar inn for Øyehaug

Øystein Vidnes har omsett Frankenstein til nynorsk.

Øystein Vidnes har omsett Frankenstein til nynorsk.

Gunnhild Øyehaug må diverre melda avbod grunna sjukdom, og me kan ikkje anna enn beklaga på det sterkaste til dei som har gledd seg til å treffa Øyehaug.

Me kan heldigvis informera om at programposten blir erstatta av fantastiske folk frå SKALD forlag si satsing på Nynorske klassikarar. SKALD forlag har i haust lansert si første omsetjing av klassikarar frå verdslitteraturen til nynorsk. Jon Fosse har omsett Forvandlinga av Franz Kafka, i tillegg til andre forteljingar Fosse tykkjer spesielt godt om.

Neste ut i serien er Mary Shelley si bok Frankenstein, sett til nynorsk av Øystein Vidnes. Publikum vil få ein eksklusiv første smakebit frå denne boka - før alle andre! 

Me får i tillegg møta forlagssjef Simone Stibbe i denne samtalen med Øystein Vidnes og Jan H. Landro. 

Lanseringa av den første boka i serien fekk stor og fortent merksemd på grunn av omsetjingsarbeidet til Fosse, men også på grunn av måten dei valde å lansera boka - med opplesing minutt for minutt, direktesendt på nettet.

Dette kan festivalpublikummet få sjansen til å gjenoppleva ved å ta turen innom festivalbokhandelen vår i løpet av helga. Direktesendinga ligg på ein pc med høyreklokker til, der de kan oppleva Jon Fosse si høgtlesing. I tillegg får de oppleva folkelesnaden av resten av forteljinga - også dette direkteoverført på nett.