Stor aktivitet takka vera Eileen og Ane

To flotte og kreative damer! F.v: Eileen Dale og Ane Olivie Oppheim. 

To flotte og kreative damer! F.v: Eileen Dale og Ane Olivie Oppheim. 

Det har vore stor aktivitet med oppdateringar på nettsida vår og på facebook heile helga - og det er to flotte, unge damer som fortener ein stor takk for dette!

Eileen Dale er 3. årsstudent ved Reiselivsstudiet på Høgskulen i Sogn og Fjordane, og har teke del i Nynorske litteraturdagar som praktikant dette året. Ho tok på seg ansvaret for både nettside og sosiale media utan å blunka, og løyste oppgåva på beste vis.

I tillegg har Ane Olivie Opheim vore Nynorske litteraturdagar sin fotograf dette året - så det er årsaka til at ho har vore "over alt" - nesten fleire stader på same tid!

Eileen og Ane har begge bakgrunn frå medielinja på Sogndal vidaregåande.

Takk for innsatsen - de er herlege!