Flåm musikklag og Voss storband med Marerutt avslutta Nynorske litteraturdagar 2015

Og FOR ei avslutting! Flåm musikklag imponerte stort med ekstremt tempo og ekstrem presisjon då dei spelte musikken til stumfilmen One Week av Buster Keaton. Filmen rulla og gjekk på storskjerm bak musikklaget, medan dirigent Martin Hendriks styrte både timing og lydeffektar med kyndig hand. Nynorske litteraturdagar er utruleg stolte over å ha eit "eige" musikklag som held så høg kvalitet. Tusen takk for innsatsen - me veit godt kor mykje øving som ligg bak ein slik konsert!

Voss storband tok deretter avsluttinga til nye høgder med standardlåtar på nynorsk - ført i tonen (og pennen) av Marerutt frå Voss. Ein skal leita ei stund for å finna to damer med like mykje galskap, humor og liv som Marit Norheim Olde og Ruth Trå!.

Konsertane med Flåm musikklag og Voss storband med Marerutt var verkeleg ei avslutting verdig den helga me har vore gjennom. For ei helg! For eit program! For eit publikum! 

Tusen takk for alle som har bidrege, alle som har kjøpt billett og sjølvsagt alle som har bidrege anten med musikalske eller litterære innslag. Og ikkje minst - tusen hjarteleg takk til alle frivillige! Kva skulle me gjort utan dykk?

Og tusen takk til ordførar Noralv Distad og Aurland kommune for støtte og gode tilbakemeldingar, og ikkje minst den flotte avsluttingstalen på avsluttinga vår.

Nynorske litteraturdagar takkar no for seg for i år - men lovar å koma attende neste år med like bra program og like mykje moro! På attsyn!

Og for deg som ikkje kunne ta del i årets litteratur- og kulturfest i Aurland - ein bildefilm kjem snart for å syna deg kva du gjekk glipp av....