Urtonar møtte urlandskap på Nærøyfjorden

Publikum fekk seg ei oppleving av dei sjeldne ute på Nærøyfjorden laurdag kveld. Karl Seglem på bukkehorn og saksofon, Jorunn Barane med forteljing av den norrøne skapingsforteljinga og Jonas H. Sjøvaag på trommer. Bukkehornet jalla mellom fjellsidene, og landskapet smelta inn som ein del av konserten. Vinden auka på utover kvelden - men Tidlaust landskap var det verdt å bli kald for! Magisk! Takk til Karl Seglem, Jorunn Barane og Jonas H. Sjøvaag!