Tor Jonsson 100 år

14. mai er hundreårsdagen for Tor Jonssons fødsel. 

einseto

Då Tor Jonsson (f. 1916) knapt 35 år gammal tok sitt eige liv i 1951, var han rekna som ein av våre mest markante diktarar. I dikta står livslystmot dødslengt, draum mot røynd, og eld mot kulde. Som journalist stod han fram som ein sosialt engasjert skribent med kraftige åtak mot urett og undertrykking, ofte med brodd mot idyllisering av bygdesamfunnet. Dei voldsomme spenningane i alt Tor Jonsson skreiv er uløyseleg knytte til hans dramatiske liv og tragiske lagnad. Les meir her: Det Norske Samlaget.

I samband med Nynorske litteraturdagar 2016 kjem Tor Jonsson-jubileet til å bli markert med konsert av Tor Jonsson Orkester. 

Må ein slite og streve for å laga kunst, spør komponistane Aslak Brimi og Hildegunn Hovde. Var det dei tronge dalane og bygdedyret som gav Jonsson inspirasjon? Desse spørsmåla fekk Brimi og Hovde i oppdrag å svara på for Tor Jonsson-jubileet. Resultatet ligg no føre i form av musikk som er både djupt dyster, stor og vakker og vàr og enkel - godt i stil med orda åt diktaren.

Tor Jonsson Orkester er sett saman av Hildegunn Hovde (song), Aslak Brimi (fele), Trond (Highasakite) Bersu (trommer), Stein Magne Eggen (akkordeon), Aksel Jensen (bass) og Gudmund Bolstad Skjær (gitar). Til Nynorske litteraturdagar kjem dei med gjestevokalist Aasmund Nordstoga. 

Sjekk ut albumet "Einseto" dei har laga til Tor Jonsson-jubileet - og set av laurdag 22. oktober 2016 for å oppleva denne fantastiske gjengen!

 

torjonsson