TV-aksjonen 2016 går til Norges Røde Kors

TV-aksjonen 2016 går føre seg søndag 23. oktober – på same tid som Nynorske litteraturdagar avsluttar ei flott festivalhelg. Me synst det er flott at TV-aksjonen 2016 går til Norges Røde Kors, og vil av den grunn oppmoda alle om å ta med nokre ekstra kroner til konserten med Sigrid Moldestad i Vangen kyrkje søndag ettermiddag. Etter konserten vil Aurland Røde Kors vera til stades med nokre av sine bøsseberarar utanfor kyrkja, slik at dei som ønskjer å støtta TV-aksjonen får høve til det. Aurland Røde Kors er eit lokallag som gjer ein viktig jobb for lokalsamfunnet, og bidreg mellom anna i leiteaksjonar både lokalt og regionalt. Vil du bli medlem og bidra du også? Gå inn på www.rodekors.no og søk på Aurland, så finn du all den informasjonen du treng!