TYL på ein fredag?

No nærmar det seg Nynorske litteraturdagar med stormsteg, og me er så utruleg klare for at det brakar laus med eit fantastisk program førstkommande fredag! 

Fredag startar me med opning på Fretheim hotel kl 18, der ulike drypp frå programmet og eit knippe andre kulturelle innslag vil vera det publikum får oppleva. Me kan røpa såpass at både Karl Seglem, Annlaug Børsheim, lokale kulturskuletalent og Franz Kafka vil vera til stades! 

Etter opninga er det tid for Gabriel Fliflet si tolking av den skotske nasjonalskalden Robert Burns på nynorsk. Med seg for å framføra ROSE har han fantastiske Kirsten Bråten Berg og Anders Røine. 

Deretter ventar eit møte mellom Gudmund Skjeldal og Kristian Finborud, som saman har sett ord og bilete på den harmen somme av oss kjenner når snømenn og skispor regnar vekk kvar einaste vinter. Boka Begrav meg i sn kjem no i haust, og er eit resultat av eit fruktbart samarbeid mellom desse to kunstnarane.

Frå venstre: Olav Stedje, Halvor Folgerø og Finn Tokvam. Ein trio det verkeleg er verd å oppleva i levande live! Heilt til høgre ser de Ragnar Hovland utkledd som fantomet.

Frå venstre: Olav Stedje, Halvor Folgerø og Finn Tokvam. Ein trio det verkeleg er verd å oppleva i levande live! Heilt til høgre ser de Ragnar Hovland utkledd som fantomet.

Og finalen fredag kveld er det TYL-gjengen Finn Tokvam, Halvor Folgerø og Olav Stedje som skal stå for. I 2005 gav Folgerø/Tokvam ut romanen Tyl på Samlaget. Boka om den desillusjonerte postmannen Ove og kompisen hans, tylen Ragnar, blei ein stor suksess. Kjærleikshistoria, typane og skildringane slo godt an. Det har blitt laga teaterframsyning av Tyl og sitat frå boka lever no sitt eige liv. I Fretheimsalen fredag kveld får du høyre frå boka, historier om korleis den blei til og korleis åra etter den kom ut har vore. Og som i boka dukkar sjølvsagt Olav Stedje opp med gitaren sin! 

For ein kveld dette kjem til å bli!