Urframføring av tingingsverk av Frode Barth fredag 30. oktober

Katedralar var eitt av Vinjum sine hovudmotiv. 

Katedralar var eitt av Vinjum sine hovudmotiv. 

Fredag kveld får publikum på Nynorske litteraturdagar sjansen til å oppleva noko heilt spesielt i Vangen kyrkje. Komponist Frode Barth kjem med eit stjernelag av musikarar for å urframføra tingingsverket "Metamorfoser - Til minne om Johannes Vinjum". Musikarane er saksofonist Trygve Seim, bassist Arild Andersen og perkusjonist Per Oddvar Johansen. Komponisten sjølv spelar gitar.

Urfremføringa er ein suite i 17 satsar knytta til eit utval måleri av kunstnaren Johannes Vinjum (1930–1991). Komposisjonen er jazzrelatert i nordisk jazztradisjon der inspirasjon over Vinjums kunst er berende tema. Jazzelement vert møtt og brote mot norsk folkemusikk og samtidsmusikk.

Frode Barth presiserer at Vinjum sine bilete står godt på eigne bein utan musikk, men ved å trekka musikk ut frå dei einskilde kunstverka, oppstår noko nytt som tek oss vidare.

- Eg har ikkje prøvd å komponera ein lydmessig kopi av bileta, men heller å henta klangen i bileta og utfordre denne, både med samspel og motstand. Dette tåler dei godt, forklarar Barth.

Frode Barth kjende Johannes Vinjum personleg frå 1985 og fram til hans død.

- Slik eg kjende Johannes var han varm, fargerik, eksentrisk, fintfølande, rik på humor og alltid med eit glimt i auga, seier Barth.

Urframføringa av Tingingsverket "Metamorfoser - Til minne om Johannes Vinjum" finn stad i Vangen kyrkje fredag 30. oktober kl 19. Billettar får du kjøpt her, eller ved å ta turen innom Heradshuset i Aurland i løpet av neste veke.

Vel møtt!