Anne Rivenes er kåra til vinnar

Anne Rivenes frå Voss er vinnaren av skrivekonkurransen ”Å leva med verdsarven”. Rivenes vann med diktet ”Å lesa landskapet”.

Skrivekonkurransen vart lyst ut hausten 2015, i samarbeid med Nærøyfjorden verdsarvpark sin fotokonkurranse med same tema. Vilkåra for skrivekonkurransen var at tekstane skulle ha ei lengd under 2000 ord, vera skrivne på nynorsk og med ei klar kopling til temaet «å leva med verdsarven». Innan fristen 31. januar 2016 kom det inn ei mengd ulike bidrag i form av noveller, essay, dikt, korttekstar og reiseskildringar.

- Juryen vart svært imponerte over kvaliteten på dei innsende tekstane. I tillegg var sjangerbreidda og dei ulike vinklingane svært interessante, seier prosjektleiar for Nynorske litteraturdagar, Torunn Todal Laberg. 

I grunngjevinga skriv juryen følgjande om diktet:

”Anne Rivenes syner seg som svært dyktig når det kjem til val av verkemiddel. Diktet er stramt og stilreint, og ho skapar svært sterke bilete. Diktet får også fram ein spesielt sanseleg nærleik til naturen og dyra, og i tillegg kjem den dirrande spenninga mellom fortid, kontra notid og framtid til syne. Diktet set også søkelys på utviklinga i tida – på alt det som forvitrar og blir borte, men også på det som held fram og varar ved. Diktet balanserer mellom det skjøre på eine sida og det brutale på den andre. Alt dette gjer at diktet er ei framifrå framstilling av å leva med verdsarven, og språket i diktet held høg kvalitet. Det er ei glede å kunna kåra Anne Rivenes til vinnar av skrivekonkurransen til Nynorske litteraturdagar!”

Juryen var sett saman av:

Forfattar Ruth Lillegraven, konsulent Haakon Skjerdal og prosjektleiar Torunn Todal Laberg. 

PREMIE: 

Gåvekort sponsa av Aurland sparebank

Tips til vidare skriving frå konsulent ved Skald Forlag

To festivalpass til Nynorske litteraturdagar 2016, 21.-23. oktober

Andre- og tredjeplass:

Andreplass: Synne Ulltang, dikt utan tittel. Premie: eit par med Aurlandssko.

Tredjeplass: Tanja Huglen, novelle: ”BØUT -AJS på fjorden”. Premie: bokpremie.

I tillegg får Gjøa Sveinsdotter Tegland på 12 år heiderleg omtale for si novelle ”Fjordfolket”.