Aurland kommune

Det er Aurland kommune som sidan 2006 har stått bak arrangementet Nynorske litteraturdagar. Nedanfor kan du lesa litt om Aurland. 

 

Ta turen til Nynorske litteraturdagar. Mellom arrangementa kan du besøkja utsiktspunktet Stegastein, eller ein av dei andre attraksjonane i kommunen. 

Turisme

Aurland er ein stor turistkommune, med eit yrande folkeliv i sommarsesongen. Kontrasten til eit rolegare vinterhalvår er stor. Flåmsbana og Nærøyfjorden er dei store turistattraksjonane. I 2011 passerte Flåmsbana 600.000 reisande og Flåm Hamn har kvar sommar mellom 100 og 150 anløp av turistskip. Nærøyfjorden fekk i 2005 plass på UNESCO si verdsarvliste. Dette har auka interessa for området i store delar av verda. Turistnæringa gjev arbeid til mange, men sesongpreget og mangel på heilårs arbeidsplassar er samstundes ei medverkande årsak til at kommunen opplever nedgang i folketalet.

Aurland har eit rikt tilbod av opplevingar basert på lokalt opphav og identitet. Mange har funne ein leveveg i å etablera tilbod med utgangspunkt i lokal mat, kultur og aktivitetar i den fantastiske naturen området kan tilby.

- Turist i Aurland 

Friluftsliv

Aurland er eit eldorado for friluftsinteresserte. Kommunen har store fjellområde, svært godt eigna for både korte og lange fotturar. Jakt og fiske er populære fritidssyslar hjå innbyggjarane. Om sommaren og hausten syklar mange den populære rallarvegen frå Haugastøl til Flåm. Både Flåmsdalen og Aurlandsdalen er populære for fotturistar.

Kommunikasjonar

Kommunen har gode kommunikasjonar både austover og vestover. Frå Oslo tek det 4-5 timar med bil. Du kan velja mellom tre ulike fjellovergangar, Filefjell, Hemsedal eller Hol-Aurland. Bilturen mellom Bergen og Aurland tek om lag 2 1/2 time. Fleire ekspressbussruter går gjennom kommunen. Den vidkjende Flåmsbana korresponderer med tog til Oslo og Bergen. Sogndal Lufthamn er næraste flyplass, omlag 1 time frå Aurland med bil. Då verdas lengste tunnel, Lærdalstunnelen, stod ferdig i år 2000, fekk Aurland heiårs vegsamband til eige fylke.

Vasskraft

Aurland har store vassressursar og mykje av Aurlandsvassdraget er utbygd. E-CO Energi driv 6 kraftverk i kommunen, med ein samla årleg produksjon på omlag 3000 GWh. Kraftutbygginga i Aurland tok til i 1969 og vart ikkje avslutta før i 1989.

- Meir om Aurland kommune