Oct
29
1:00 PM13:00

SIGD - ein poetisk konsert! Ruth Lillegraven og Benedicte Maurseth

Foto:Paal Audestad

Foto:Paal Audestad

Det er ei glede å fortelje at to strålande flotte damer skal avslutte Nynorske litteraturdagar 2017! Ruth Lillegraven og Benedicte Maurseth kjem til oss med SIGD - ein poetisk konsert.

Sigd er ei forteljing i dikts form om eit enkelt, men samstundes storslått liv, om ikkje lenger å kunne vere den ein skulle vere og måtte finne meining i livet slik det vart, om ei tid som ikkje finst meir, og om alt som er likt, til alle tider. Om mennesket i naturen og naturen i mennesket, om å lese, lære og leve, om å vere i ro og å reise. Men dette er også kjærleikshistoria om Endre og Abelone – dei som må lage seg sitt heilt eige språk for igjen å kunne snakke saman.

Benedicte Maurseth (hardingfele og vokal) og Ruth Lillegraven (opplesing)

Benedicte Maurseth (f.1983), frå Eidfjord i Hardanger, er hardingfelespelar. Ho har turnert mykje både i Noreg og internasjonalt. Maurseth har også fleire CD-utgjevingar bak seg og har gitt ut boka Å vera ingenting – Samtalar med spelemannen Knut Hamre.

Ruth Lillegraven (f. 1978) kjem frå Granvin i Hardanger og bur no i Lommedalen i Bærum. Ho har gitt ut tre diktsamlingar, ein roman og fleire småbarnsbøker. For diktsamlinga Urd (2013) vann ho Brageprisen og Bokbloggarprisen det året.

View Event →
Oct
29
12:00 PM12:00

Litterær speed-dating med SKALD forlag!

simonestibbe.jpg

Har du ein forfattar i magen? Eller kanskje du har ein god idè og kjenner ei stadig sterkare skrivekløe? No kan du prøve ideane dine på ein ekte forlagsredaktør!

Under  Nynorske litteraturdagar i år får du nemleg sjansen til å gå på speed-dating med forlagssjef Simone Stibbe i SKALD – og kanskje er det akkurat din bokidè som tenner gneister hjå det lokale forlaget på Leikanger.

– Men det er ikkje berre forfattarspirer me ser etter, presiserer Stibbe. Både omsetjarar, designarar, fotografar og illustratørar er hjarteleg velkomne til ein kjapp prat med oss!

SKALD forlag vil ta i mot folk fortløpande mellom kl 11 og 12:30, på Fretheim hotel i Flåm.

Så har du ein god idè, eller eit eller anna kreativt prosjekt som ligg og ulmar, fyll ut skjemaet og ta det med deg på festivalen. Det kjem også til å liggja skjema på sekretariatet vårt under Nynorske litteraturdagar.

Her er skjema: LITTERÆR SPEED-DATING MED SKALD 

View Event →
Oct
29
to Oct 30

Eva Røyrane om boka "Av stein"

eva-røyrane.jpg

Duoen Eva Røyrane og Oddleiv Apneseth er i haust aktuell med ny bok. Denne gongen har dei spora byggverk av stein! . Ei fantastisk bok som i ord og bilete fortel om levemåte, slit og tunge tak og om vestlendingane si utnytting av den største ressursen me har – stein!

Eva vil vise bilete ogfortelja om turane, opplevingane og møta dei har hatt i arbeidet med boka - me kan berre glede oss!

 

View Event →
Oct
28
to Oct 29

Månevenn

Månevenn er eit pop-rock band frå Jølster i Sogn og Fjordane. Dei skriv på nynorsk og syng på sunnfjorddialekt. Denne hausten kjem dei med plate nr 2 og me er stolte over at dei kjem på besøk til oss. Tekstar med glimt i auge, med lun humor eller skarp tunge - desse karane har alt!

View Event →
Oct
28
9:30 PM21:30

Bob Dylan på nynorsk!

Rockepoeten Tom Roger Aadland sitt album «Blondt i blondt» (Bob Dylans meisterverk «Blonde on Blonde» gjendikta til nynorsk) har fått ei strålande mottaking av eit samla kritikarkorps.

Han har blitt omtalt som ein «tekstforfatter av stort format» og «en melodisnekker av de sjeldne», men Tom Roger Aadland er også ein bunnsolid og energisk utøvar med ei spesiell evne til å formidle innhaldet i ein song. Han har sunge Dylan på nynorsk og framført eigne, kritikarroste låtar på tallrike konsertar over heile landet dei siste åra, og har rykte på seg for alltid å levere varene på scena, enten han opptrer solo eller med fullt band. Han trivst like godt på ein sveitt rockeklubb i hovedstaden som på eit landsens kulturhus ute i havgapet.

No kjem han til oss, og me gler oss til laurdagskvelden, då entrar han scena i Fretheimssalen med fullt band!

View Event →
Oct
28
2:40 PM14:40

Poesitoget

Foto: aurlandphotogaphy 

Foto: aurlandphotogaphy 

Bli med på hausten si vakraste oppleving! Me tek Flåmsbana opp til Vatnahalsen - ei vakker oppleving. Men denne eine dagen -  denne eine gongen - er den vanlege informasjonen du høyrer i vognene bytt ut med kjende stemmer frå bygda. Poesi og dikt, segner og forteljingar er lese inn av små og store aurlendingar. Desse er så sette saman med musikk, og vil gje deg ein ny dimensjon på reisa oppover Flåmsdalen, til Vatnahalsen.

Flåmsbana er kjend over heile verda. Den knyter oss saman med eit større nett, der skinnene er trådar som kan føre oss vidare ut i verda, og som fører verda til oss. Me som bur her har og eit forhold til denne togstrekninga på eit eller anna vis. Dette prosjektet ynskjer å setje folk som bur her i samanheng med denne tråden ut i verda. Kva skjer med opplevinga om den vanlege informasjonen som du høyrer blir bytt ut med poesi?

Poesikonsert "Kvervel"

Oppe på Vatnahalsen ventar ei ny oppleving: der kan de nyta ein konsert med Karl Seglem på erverdige Vatnahalsen hotell. Dette er ein poesikonsert som har namnet "Kvervel". Seglem er aktuell med ny diktsamling og vil gje oss smakebitar frå den og  frå tidlegare utgivne dikt.

Karl Seglem sine ord og tonar vil fylgje deg ned til perrongen og returen til Flåm kl 1800.

View Event →
Oct
28
2:00 PM14:00

Foredrag om Mary Shelley

oystein_vidnes_c_simone_stibbe.jpg

I 2018 er det 200 år sidan verdas første science fiction-roman blei skriven, av den 18 år gamle Mary Shelley. Kven var ho eigentleg, og korleis var det mogleg for ei ung jente på 1800-talet å skrive eit så banebrytande verk at vi framleis ikkje er ferdige med å forstå det?

I dette kåseriet følgjer Øystein Vidnes fotspora til Frankenstein heilt tilbake til tida før forfattaren vart fødd. I lag med ektemannen Percy var Mary Shelley ein ung, romantisk opprørarar i ei konservativ tid, men i motsetnad til opprørske tenåringar flest kunne ho ha foreldra som førebilete: Mary Wollstonecraft og William Godwin var begge radikale, revolusjonære filosofar som ville endre framtida. Noreg har òg ei viktig rolle i denne historia: Om ikkje Mary Wollstonecraft tilfeldigvis hadde reist til Noreg i 1796, på jakt etter eit skip lasta med sølv, og om ho ikkje hadde skrive ei fantastisk bok om det, så ville Frankenstein aldri ha blitt til!

 

View Event →
Oct
28
1:00 PM13:00

Presentasjon av "Tusen år i Sogn" med Steinar Velle og Torkjell Djupedal

tusen år i sogn.jpg

Tusen år i Sogn tek lesaren med på ei historisk reise, frå vikingtid til vår tid, frå Solund til Sognefjellet. Steinar Velle og Torkjell Djupedal gir deg smakebitar frå boka!

Vi møter kjende sogningar som Harald Hårfagre, kong Sverre, Mensen Ernst og Gjest Bårdsen. Målet er ikkje å gje ei samla framstilling av Sogn si historie, men å gje smakebitar. Forfattaren gjer innhogg i historia, frå dei første skrivne kjeldene og opp mot vår tid.

Tusen år i Sogn er også ei bok med mykje kunst, med motiv frå Sogn av mange av dei store målarane frå 1800-talet, m.a. J. C. Dahl, Johannes Flintoe, Thomas Fearnley, Adolph Tidemand, H. F. Gude, Knut Bergslien, Anders Askevold, Amaldus Nielsen og Bernt Tunold. Det var til Sogn dei drog, kunstnarane som "oppdaga" det norske landskapet. Boka er også rikt illustrert med foto.

View Event →
Oct
28
1:00 PM13:00

Familiekonsert!

månevenn.jpg

"Månevenn", som er aktuelle med ny plate denne hausten, er ikkje redde for å ta ei utfordring! Difor har dei sett saman ein eigen familiekonsert spesielt for Nynorske litteraturdagar.

Denne vil passe for både vaksne og born. Det blir variert musikk presentert med glimt i auga og stor speleglede. Kanskje du til og med blir med og syng på eit refreng, eller tre?  Dei inviterer små og store til ei knakandes kjekke stund laurdag kl 13.00. 

View Event →
Oct
28
12:00 PM12:00

Bokbad - Siri Økland

Siri Økland kjem denne hausten ut med boka "Det står til liv". Når livet byr på utfordringar, det sler knute på seg, vasar seg til og tråden kan synast frynsete og skjør - kva då?  Me får eit nært møte med henne når ho samtalar med Jan H. Landro.

View Event →
Oct
28
12:00 PM12:00

"Himmelspringaren"

Adele Duus og Monika Solheim

Adele Duus og Monika Solheim

Det er ei glede å få presentere desse to flotte damene! Adele og Monika har jobba saman fleire gonger, og produsert flotte forestillingar for born. No kjem dei til nynorske litteraturdagar med ei heilt ny forestilling. "Himmelspringaren" er basert på Sissel Horndal si bok med same tittel. Den passar for born i alle aldrar, frå 3 år. Me gledar oss!

"Den dagen lammet «Lilla» kjem til verda, vert det sjokk i Gullullafjøset.  Ho er jo ikkje som vanlege søte kvite lam, ho er lilla!  Ingen vil vite av henne, ikkje ein gong mor hennar.

Det er vondt å verte støytt ut av sine eigne, men dagen då den farlege Kvasskjeften kjem, viser Lilla kor mykje mot som kan bu i ein liten lammekropp, sjølv om den er litt annleis enn dei andre." 

Ei figurteater framsyning for folk frå 3 år.

Medverkande:

Av og med: Monika Solheim & Adele Lærum Duus

Regi: Annicke Gill Haukås

Musikk: Hallvard Lærum

 

 

View Event →
Oct
28
11:00 AM11:00

Forteljarstund med Jorunn Barane

jorunn_barane.jpg

Noko av det kjekkaste som finst er når nokon fortel ei historie og du kan leve deg inn i den medan forteljaren sine ord teiknar bilete i fantasien din! Og akkurat det kan Jorunn Barane gjere om du blir med oss på forteljarstund laurdag, for ho er skikkeleg god til å fortelje. 

Dette er den første av tre programpostar som Nynorske litteraturdagar i år tilbyr borna.

Du som er vaksen kan gjerne vere med, men du kan også nytte høvet til å få med deg eit eller fleire bokbad. Me har nemleg fått med oss nokre flotte ungdomar som vil ta vare på ungane medan dei er på forteljarstund, figurteater og konsert. Du kan lese meir informasjon om dette tilbodet her.

Velkomne til alle born som gjerne vil høyre gode forteljingar!

View Event →
Oct
28
11:00 AM11:00

Bokbad - Ragnhild Kolden

Ragnhild er frå Bøverdalen i Lom og bur i Oslo. Ho har tidlegare gitt ut ein kritikarrost romantrilogi om andre verdskrigen og etterkrigsåra, og skriv kriminalromanar som del av forfattarparet Kroken & Kolden. 

Det gode vi ikkje gjer er Ragnhild Kolden sin fjerde roman. Den låner element frå både kriminalromanen og den psykologiske thrilleren, og er ei sterk historie om fornekting, unnlatingssynder, svik og skuld. Me får møte henne i samtale med Jan H.Landro.

View Event →
Oct
28
10:00 AM10:00

Bokbad - Rune Timberlid

runetimberlid.jpg

Rune Timberlid (f. 1950) frå Sogndal, bur i Førde. Journalist og redaktør, no kommunikatør ved Lotteri og stiftelsetilsynet. Har skrive ei rekkje kriminalromanar. "Blodhemn" er Rune Timberlid si åttande bok om politibetjent Rolf Randen. Me får møte Rune i samtale med Marit Bendz laurdag 28.okt kl 10.00.

"Eit brutalt drap kjem for dagen då den svært omstridde gruva i Vevring blir opna. Samstundes blir det funne eit gammalt drapsoffer på botnen av Førdefjorden like ved gruveanlegget. Politibetjent Rolf Randen står sentralt i etterforskinga av drapet i gruva. Journalisten Karianne Grinde grev i den gamle drapssaka, og her kjem ho på sporet av andre dødsfall i distriktet. Har dei ein samanheng med dei to drapa i Vevring?" 

View Event →
Oct
27
to Oct 28

Finn Tokvam og Oddvar Torsheim!

Foto: Poul Toft Iversen

Foto: Poul Toft Iversen

Det er kjekt med tradisjonar! Og Finn Tokvam er ein av dei kjekkaste me har! Difor er det ei glede å melde at han kjem og er med oss i år også. Han har sagt at han skal ha med seg nokon han kjenner.... Han avsluttar fredagskvelden med reinspikka fryd og gaman - kven kjem som gjest, spør du? Jau, sjølvaste Oddvar Torsheim! 

View Event →
Oct
27
9:30 PM21:30

Svarteper

Me er er glade for å kunne presentere Jon Solberg og Anders Røine under Nynorske litteraturdagar. Duoen Svarteper leverer viser som handlar om livet på godt og vondt og det midt i mellom. ”Heilt frå eg var liten har eg lika musikk med innhald. Tekstar å kjenne seg att i. Melodiar å synge med på. Låtar som har noko å melde, noko på hjertet.” (Jon Solberg).

Me ynskjer velkomen!

View Event →
Oct
27
8:30 PM20:30

Kai Martin Brekke & Tor Talle

 I desember 2016 platedebuterte han med albumet «Tid». Det er ei variert og stemningsfull plate i sjangeren melodiøs visepop, med innslag av rock og blues. Tekstane på nynorsk og sognamaol handlar om levd liv og draumar. Litt alvor, men mest skråblikk med glimt i auga.

 Etter gode tilbakemeldingar er han, saman med gitarist og musikkansvarleg Tor Talle, klar til å gje musikkglade sogningar og andre ei lun og spennande konsertoppleving.

View Event →
Oct
27
7:30 PM19:30

Bokbad - Therese Tungen

Tungen-Therese.jpg

Therese tungen debuterer denne hausten med ei novellesamling som har fått kritikarane til å juble. "Ein gong var dei ulvar" er ei samling noveller om menneske som møter noko nytt og ukjent i liva sine. Tekstane utforskar kva som skjer når folk blir pressa langt, av andre, av seg sjølv, av dei uventa retningane livet kan ta. Me får møte henne i samtale med Jan H. Landro.

View Event →
Oct
26
7:30 PM19:30

Bokslepp på Skaldegard

An-Magritt og Haakon i strålande humør!

An-Magritt og Haakon i strålande humør!

Me er så heldige å ha ein lokal forfattar som debuterer med bok i haust! Haakon Skjerdal har skrive romanen ”Fredlaus under Blåskavlen”  som tek utgangspunkt i ei vandresoge som har vorte fortalt i generasjonar. 

Difor tjuvstartar me festivalen, og torsdag 26.oktober byr me på bokslepp på Skaldegard som ligg i Skjerdal. Me er då i hjarta av det landskapet som forteljinga om Egil Kjetilson går føre seg  i. Den gamle Låni på Skaldegard er pynta og klar til å feire boksleppet! 

Johs B.Thue vil samtale med Haakon Skjerdal om boka, du kan kjøpe leskande drykk hjå An-Magritt og kanskje har me ei ekstra overrasking å by på også!

Sidan det ikkje er parkering i Skjerdal har me sett opp transport frå Vangen (taxistoppet). Der møter du kl 19.00, og så vil mini-bussar ta deg til Skjerdal og Skaldegard. Dei køyrer deg attende når arrangementet er slutt. Det er svært begrensa plassar på dette arrangementet så ver rask - kjøp billett i dag! 

Billettar finn du her: https://nynorskelitteratur.ticketco.no/bokslepp_paa_skaldegard

>

View Event →
Sigrid Moldestad - konsert med nynorske salmar
Oct
23
4:00 PM16:00

Sigrid Moldestad - konsert med nynorske salmar

Sigrid Moldestad. FOTO: Magnus Skrede

Sigrid Moldestad. FOTO: Magnus Skrede

Sigrid Moldestad tek med seg fantastiske musikarar til Vangen kyrkje søndag 23. oktober, for å framføra konserten "Sova under englevakt i stova".

Med seg har ho Sigbjørn Apeland på trøorgel, Kåre Opheim på trommer og BJ Cole på pedalsteel. Og når ein toppar dette med Vangen kyrkje i Aurland som arena, så er ein garantert ei fantastisk oppleving!

Sigrid Moldestad er ein av Norges fremste artistar innan folk og tradisjonsmusikk. Ho kjem frå Breim i Nordfjord og har beina trygt planta i strøkets friske og utadvendte folkemusikk. Gjennom sine fem soloplater har hun skapt eit eige uttrykk der ho blandar tradisjon med eigne låtar og tekster på nynorsk. Med eit sterkt forteljarhjarte har ho ei eiga evne til å røra publikum anten det er i leikfull kraft eller melankoli og vakre sjølvskrivne viser og tekster. 

Med konserten “Sova under englevakt i stova” siterer folkartisten Moldestad ein av sine favorittsalmar. Denne og fleire til skal fylle eit særmerkt konsertprosjekt der dei nynorske tekstane står i fokus. 

Å synge salmane på nynorsk var ganske revolusjonært og til og med ulovleg i si tid. Landsmål som kyrkjemål vart først godkjent i 1892 og den første nynorske salmeboka kom i 1925.

Sigrid Moldestad og musikarane lovar ein nær og annleis konsert med nynorske ord frå fantastiske salmediktarar som t.d Elias Blix, kanskje den største salmediktaren av dei alle. Kledd i folketonedrakt, melodiar slik ein kjenner dei og nye melodiar.

For meir informasjon om Sigrid Moldestad, sjå her.  

NB! Me tek førehald om endring i tida for denne konserten - den kan bli flytta til litt seinare på dagen. Informasjon om dette vil i så fall koma raskt!

 

View Event →
Elena Ferrante-bøkene på nynorsk
Oct
23
1:30 PM13:30

Elena Ferrante-bøkene på nynorsk

Omsetjar Kristin Sørsdal. FOTO: Jan Lillebø

"Alle" har lest dei første tre bøkene i Napoli-kvartetten av Elena Ferrante. Omsetjar Kristin Sørsdal fekk i april Målprisen 2016 for sitt arbeid med å setja dei fire bøkene i Napoli-kvartetten om til nynorsk. Forfattaren Elena Ferrante har hatt ein sensasjonell suksess over heile verda med bøkene om dei to venninnene Elena og Lila - og takka vera Sørsdal har Ferrante-feberen også kunna breia seg i Noreg.

Forfattar og omsetjar Øystein Vidnes kjem for å samtala med Kristin Sørsdal om desse bøkene, omsetjing, språk og skriving.  

View Event →
Oct
23
12:30 PM12:30

Litterær samtale mellom Lars Amund Vaage og Jan H. Landro

Det er eit gripande og personleg møte med forfattaren Lars Amund Vaage som ventar oss denne dagen. Vaage har skrive både for born og vaksne, men har fått spesielt mykje merksemd som prosaforfattar for vaksne - med bøker som søkjer innover mot det personlege og ekte. 

Lars Amund Vaage. FOTO: Hans Jørgen Brun

Lars Amund Vaage. FOTO: Hans Jørgen Brun

I samtale med Jan H. Landro er det romanen Syngja det i all hovudsak skal dreia seg om. Ein roman som er djupt personleg, vakker og tankevekkande - som tek føre seg livet med ei dotter som har autisme. Romanen er eit forsøk på å skriva hennar historia, og syner kor vanskeleg det er, men òg kor viktig det er å prøva å forstå ei som ikkje let seg forstå. 

Vaage og Landro kjem også til å snakka om essayet Sorg og Song - der Vaage skriv om kor vanskeleg det var å skriva romanen Syngja

 

 

View Event →
Danseførestilling: Inkonsekvent
Oct
23
11:30 AM11:30

Danseførestilling: Inkonsekvent

Berit Einemo. Foto: Fan Wu

Søndag får publikum høve til å sjå ei danseførestilling utanom det vanlege. Førestillinga er eit resultat av ein danseverkstad der dansarane Anna og Berit Einemo har utforska ulike tema saman med born frå Aurland musikk- og kulturskule.

Tema for førestillinga: Alle menneske står ovanfor store og små val i livet. Definerer vala me tek kven me er? Kva er følgjene av å ikkje velje, er det i det heile mogleg? Nokre gonger handlar ein utifrå sjølvstendige val. Eller gjer ein eigentleg det når alt kjem til alt? Kor påverka blir me eigentleg av andre menneske?

Når ein er i ferd med å bli vaksen dukkar det opp stadig nye utfordringar og dei vala som tidlegare blei tekne hand om av vaksne omsorgspersonar må ein gradvis ta stilling til sjølv. Kjensler av tvil kan kome snikande og det er ikkje alltid like lett å bestemme seg.

Anna Einemo. Foto: Antero Hein

Saman med borna har Anna og Berit utforska korleis denne tematikken kan utspele seg gjennom rørsle og gruppedynamikk. I tillegg er litteratur frå nynorske forfattarar blitt nytta som inspirasjonskjelde i prosessen, mellom anna Halldis Moren Vesaas, Jon Fosse, Per Sivle og Aasmund Olavsson Vinje.

View Event →
Litterær speed-dating med SKALD forlag
Oct
23
11:00 AM11:00

Litterær speed-dating med SKALD forlag

Har du ein forfattar i magen? Eller kanskje du har ein god idè og kjenner ei stadig sterkare skrivekløe? No kan du prøve ideane dine på ein ekte forlagsredaktør!

Under  Nynorske litteraturdagar i år får du nemleg sjansen til å gå på speed-dating med forlagssjef Simone Stibbe i SKALD – og kanskje er det akkurat din bokidè som tenner gneister hjå det lokale forlaget på Leikanger.

– Men det er ikkje berre forfattarspirer me ser etter, presiserer Stibbe. Både omsetjarar, designarar, fotografar og illustratørar er hjarteleg velkomne til ein kjapp prat med oss!

SKALD forlag vil ta i mot folk fortløpande mellom kl 11 og 12:30, i resepsjonsområdet til Fretheim hotel i Flåm.

Så har du ein god idè, eller eit eller anna kreativt prosjekt som ligg og ulmar, fyll ut skjemaet og ta det med deg på festivalen. Det kjem også til å liggja skjema på sekretariatet vårt under Nynorske litteraturdagar.

Last ned skjemaet her: Litterær speed-dating

View Event →
Tor Jonsson Orkester med Aasmund Nordstoga
Oct
22
10:30 PM22:30

Tor Jonsson Orkester med Aasmund Nordstoga

2016 er året me markerer 100-årsjubileet til den store diktaren Tor Jonsson frå Lom. Tor Jonsson Orkester tek med seg Aasmund Nordstoga og konserten "Tor Jonsson - 100 år med kjærleik og død", og avsluttar laurdagskvelden vår på Fretheim. 

Tor Jonsson Orkester: Hildegunn Hovde (song), Aslak Brimi (fele), Trond "Highasakite" Bersu (trommer), Stein Magne Eggen (akkordeon), Aksel Jensen (bass) og Gudmund Bolstad Skjær (gitar). Gjestevokalist: Aasmund Nordstoga.

 

View Event →
Konsert med Longhorn - "Pao eigne bein"
Oct
22
8:00 PM20:00

Konsert med Longhorn - "Pao eigne bein"

Coveret på den nye CDen til Longhorn. FOTO: Kristen Olav Grøttebø

Coveret på den nye CDen til Longhorn. FOTO: Kristen Olav Grøttebø

Longhorn ute med ny CD!

Longhorn er kjent for dei fleste, og vert rekna for fylkets eldste countryband. Dei er no ute med CDen "Pao eigne bein" - med eigenkomponerte melodiar som vert framførte på rein lærdalsdialekt. 

I 2013 gav dei ut Hometown Street, som inneheld fleire publikumsfavorittar. Longhorn kallar seg glade amatørar, men musikken er slett ikkje amatørmessig.  Longhorn er kjende for å skape god stemning og fylle dansegolvet.

View Event →