Folkedrakter og bunader frå Sogn. Ei reise i tid og landskap.

bjorg_hovland2_foto privat.jpg

Bjørg Hovland held føredrag om arbeidet med formidling av historia til folkedrakter og bunader i Sogn.

Ei utstilling av originale plagg frå De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum, i hovudsak frå Aurland kommune, blir å sjå i hotellet sin vestibyle.

Etter føredraget vert det framsyning og presentasjon av modellar med bunader frå ulike periodar, både menn, kvinner og barn. Til sist syner mønstringa brurestas, med krunebrurer, sølvstas og drakter frå fleire bygder i Sogn.

Lokale og internasjonale musikkinnslag undervegs.

Det vert høve til boksignering.

Programmet er eit samarbeid mellom Nynorske litteraturdagar og Sogn bunadnettverk ved Bjørg Hovland, Siri Benjaminsen og Torill Lien Nilsen.

Boka - Folkedrakter og bunader frå Sogn

Bunad er populært som aldri før. Men korleis vart alle dei ulike bunadene i Sogn til? Kva er det som skil dei frå kvarandre? Korleis har dei utvikla seg frå nasjonsbygginga til vår tid?

I boka Folkedrakter og bunader frå Sogn fortel forfattar Bjørg Hovland nært og personleg frå eit langt liv i bunad, og om gleda over dei vakre bunadene som vekte interessa hennar for temaet.

I boka går ho attende i tid og skildrar korleis sogningane kledde seg til høgtid på 1800-talet då nasjonalromantiske målarar oppdaga fjord, fjell og folk her i Sogn. Hovland har gått på oppdagingsferd i målarkunst og klede, og gjer historia levande for oss gjennom ord og bilete.

(i samarbeid med Sogn Bunadnettverk)

Stad: Fretheim hotell – den nye delen