Back to All Events

Barnehagane - Lisbeth Dreyer

Foto: Skule Eriksen

Foto: Skule Eriksen

Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar

Forfattaren Lisbeth Dreyer og illustratør Per Ragnar Møkleby har gjeve ut den sommarlege biletboka ”Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar”.  Forfattar og illustratør har funne inspirasjon i sjøkanten, og den badeglade lesaren får møte både sjøstjerne, strandsnigel, tanglopper og andre krabatar frå hav, fjord, strand og fjøresteinar.

Å vasse i strandkanten for å sjå etter små dyr er favorittaktiviteten til ungar, og det er for dei eg har laga denne boka. Men foreldra må gjerne reise seg frå solstolen og bli med på oppdagingsferda dei óg, seier Lisbeth Dreyer.

I boka har kvar fjørefant fått sitt eige vesle, humoristiske dikt med rim, rytme og poetiske skildringar og teikning av prisvinnande Per Ragnar Møkleby.

Fjørefantar er fine fantar som det er topp å teikne! Eg håpar boka kan gjere både lesestunda og turen til fjøra rikare, seier illustratøren.

Per Ragnar Møkleby vart seinast i vår premiert med både Kritikarprisen og Kulturdepartementets bildebokpris for 2013. Telemarkingen har tidlegare illustrert både bøker, aviser og blad, og dette er den femte bildeboka hans.

Lisbeth Dreyer frå Bergen er både filmskapar og forfattar, med ei rikhaldig liste bak seg av filmar og bøker. Som filmskapar er Lisbeth Dreyer mest kjend for kortfilmen Aurora Borealis, som mellom anna vann pris for beste fiksjonsfilm i Frankrike i 2004. På SKALD forlag har Dreyer tidlegare gjeve ut ”Luisa og Ugla” (2013), og ho debuterte som barnebokforfattar i 2008.

Later Event: October 31
Preludium ved Flåm Musikklag