Konsert Geir Lysne Band – tingingsverket Sanz

Konsert Geir Lysne Band – tingingsverket Sanz

Stad:Fretheimsalen Fretheim hotell

Geir Lysne

Geir Lysne er 48 år, fødd i Trondheim, men slekta kjem frå Lærdal, Ljøsne og Flåm. Han gjekk på vidaregåande skule i Sognda,l og musikkinteressa hans fekk på den tida ein ny kveik gjennom medlemskapen i Sogndal Storband, Sogndal Musikklag og seinare Sogn og Fjordane Storband. Ferda gjekk vidare til Toneheim folkehøgskole, deretter jobba han som  musikklærar i Lærdal og Florø, før han tok musikkutdanninga si ved Norges Musikkhøgskole i Oslo.

Geir Lysne er etablert på den europeiske jazzscenen som saksofonist, komponist og dirigent, har gjeve ut sju album med eigen musikk, og er signert på det renommerte tyske plateselskapet ACT. To av utgjevingane har vorte tildelt tyske spelemannsprisar. Som dirigent har Lysne leia meir enn hundre konsertar med tjue av dei mest kjente profesjonelle større ensemble i Europa av i dag.

Lysne har og turnert som dirigent med artistar som Bobby McFerrin, Joe Lovano, Nils Landgren og Mory Kante. Jobbar til dagleg på Norges Musikkhøgskole, har vore ‘Composer in Recidence’ ved Musikhochschule Luzern i Sveits og er for tida kurator for Det Norske Blåseensemble i Halden. 

 Tingingsverket ”Sanz”.

’Sanz’ er inspirert av alle dei fantastiske og positive kreftene som kjem fram når eit samfunn går gjennom ei krise. Enorme mengder med hjelp, solidaritet, idealisme, samhald og omtanke skapar ein sterk og positiv energi. Dette har inspirert Lysne til å lage eit tingingsverk som godt kan skildrast som det omvende bygdedyret. Her skal alle gode krefter opp og fram, og alle skal gjere kvarandre usjølvisk gode.

Sentralt her er å samle internasjonale aktørar som har busett seg lokalt, og internasjonale aktørar med røter lokalt. Her vert det smak, lukt, lyd og visuelle inntrykk. Framifrå kortreist mat vert blanda med livlege jazzvariantar av lokal folkemusikk. Per Sivle sine dikt går gjennom ein digital miks av born frå Aurland og dannar lydløyper inn til konserten.

Musikken vert framført av musikarar som er internasjonale og lokale på same tid. Nokon har flytta ut, andre har flytta inn og nokon vert kanskje verande etter konserten?

Geir Lysne - saxofon, fløyter, tangentar, munnharpe, laptop
Enver Izmaylov - gitar 
Eckhard Baur - trompet, vokal

Tom Karlsrud - trekkspel

John Børge Askeland  - bass

Per Hillestad - trommer

Thor Ivar Lund - lydteknikar