Konsert Lothe


LOTHE
-viser  med mange ansikt

Som P1-lyttar har det vore vanskeleg å unngå å høyra Lothe sin radiosingel «Heimlig himmel» i sommar. Totalt fekk denne 11 veker på P1 si A-liste. Frå før av har han markert seg med songar som  «Nordfjordnatt», «Vere to», «Stjerneklart» og «Sukker & salt». I 2012 kom albumet «Blå song» som hausta lovord landet over.

Frontmann Odd-Erik Lothe leidde bandet Fabel i ei årrekkje, noko som resulterte i fem kritikarrosa albumutgjevingar i perioden 1995-2007. Lothe er dessutan medlem av rockabillybandet Green Granadas og humortrioen «Finn-Erix». På mange måtar er bandet LOTHE ei vidareføring av Fabel. Rett og slett viser på nordfjordmål kledd i ulike musikalske drakter. Frå klassisk beatlesk popmusikk til element frå country, jazz og blues.

LOTHE vil by på rytmisk, harmonisk og mangefarga musikk frå heile katalogen til Odd-Erik Lothe. Frå «Jordbær og grasbrann» til «Heimlig himmel».  Dessutan vil ein og kunne få med seg smakebitar frå LOTHE sitt komande album som er venta i midten av 2015.

 

LOTHE er:

Odd-Erik Lothe - gitar og vokal
Tor Bjarne Bjelland - trommer
Ine Tumyr - percusjon og kor
Line Dybedal - piano og vokal
Jan Erik Reknes - trompet og kor
Ståle Søndrål Wick - gitar og kor
Halvor Folgerø - bass og kor