Sylfest Lomheim - humoristisk foredrag rundt Adam og Eros.


Sylfest Lomheim

(f. 1945) har skreve ei rekkje bøker om språk, mellom anna Språkreisa – norsk gjennom to tusen år, Ord om ord og Språkteigen.

Etter artiumseksamen ved det som den gongen heitte Sogndal gymnas, studerte han engelsk, fransk og norsk ved Universitetet i Oslo med norsk hovudfag frå 1971. Han var TV-produsent i NRK, mellom anna i Sportsrevyen frå 1969 til 1970, og konsulent med ansvar for rekruttering av nynorskmedarbeidarar frå 1975.

Åra 1980 til 1994 var Lomheim språkkonsulent ved NRK, og frå 1990 har han vore programmedarbeidar og svara på spørsmål frå lyttarane om språk i radioprogrammet Språkteigen. Elles har han delteke i den populære TV-serien Typisk norsk.

Sidan 1977 har Sylfest vore tilsett ved Høgskolen i Agder, der han mellom anna var rektor.

I 2003 blei han utnemnt til professor ved høgskulen (seinare Universitetet i Agder), og det same året blei han direktør i Språkrådet, ei stilling han sat i til den 1. september 2010.

Lomheim har vore ein aktiv og markant debattant i det offentlege ordskiftet, og har ved fleire høve hevda at det norske språket er trua, særleg av engelsk, og står i fare for å utryddast dersom ein ikkje treffer tiltak og arbeidar med haldningar til språket.

Som deltaker i samfunnsdebatten har Lomheim elles òg stilt seg kritisk til bruk av Internett. «Difor er Internett ein utru tenar. Ikkje berre er der så uhorveleg med data. Likt og ulikt er å finna. Det lumske er at ingen står som garantist for tilbodet – gehalten varierer frå fagleg soliditet til rein humbug. Kvalitetssikring finst ikkje, og dermed er internett prinsipielt ubrukeleg som kjelde for påliteleg kunnskap.».

(Innhaldet i denne artikkelen er henta frå Wikipedia, men det meste er truleg sant likevel.)

 ADAM OG EROS

ord og uttrykk i bibel og mytologi Terje Nordby (1949) og Sylfest Lomheim (1945)

Adam og Eros er to ord som summerer opp dei to viktigaste linjene i den vestlege kulturhistoria — den jødiskbaserte kristendommen og den greskbaserte myteverda. I røynda er vår vestlege kultur bygd på desse to sterke tradisjonane. Dei utgjer dei to rikaste kjeldene for språk og førestillingar i heile Europa. Me i Vesten står på to sivilisasjonsbein, det eine er Bibelen, det andre er mytologi. Denne boka ønskjer å illustrera dette forholdet og fortelja historier om ord og uttrykk frå bibel og mytologi. Tekstane viser at mange av desse seiemåtane som er høgst levande i daglegtalen i vår tid, kan ha lange og spennande historier bak seg. Dei har djupe røter ned i det jordsmonnet Vesten har vakse fram på.

Stad: Ægir Bryggeri & Pub