Back to All Events

Gi meg heller livet. Ei bok om soldatveteranar i Norge.

Foto: Haavard Bjelland

Foto: Haavard Bjelland

Foto: Paul Sigve Amundsen

Foto: Paul Sigve Amundsen

Gi meg heller livet - Ein dokumentar om soldatveteranar i Norge

Når norske soldatar kjem heim til Noreg etter teneste i konfliktområde, er det for mange veteranar starten på ein personlege kamp. Ein kamp dei ikkje har blitt førebudde på. Ein kamp med seg sjølv og med samfunnet. Dei kjempar for å finne tilbake til eit vanleg liv, mot vonde minne og mot eit samfunn som ikkje forstår. Dei kjempar for å bli høyrde og respekterte både i den offentlege debatten og i sin personlege kvardag.

Sidan 1945 har over hundre tusen nordmenn vore i utlandsteneste. Når oppdraget i Afghanistan vert avslutta, vil Noregs siste store krigsinnsats ha etterlete nærare ti tusen nye norske krigsveteranar. Er dei budde på det som ventar dei når dei kjem heim? Og er det norske samfunnet klare for å ta i mot dei?

Gi meg heller livet er eit eineståande dokumentasjonsverk, eit tidsbilete som ggjev innsyn i eit tema som kan setje i gong ein viktig debatt. Boka gjev innblikk i kvardagen til 13 veteranar frå oppdrag i Libanon, Irak, Balkan og Afghanistan, ein av dei er ei kvinne som er veteran og enke. Forordet er av Forsvaret sin veteraninspektør Robert Mood.

Fotograf Håvard Bjelland og forfattar Bjørn Asle Nord har i fleire år jobba saman om dette såre og følsame temaet. Gjennom reportasjar i Bergens Tidende har dei vist unge krigsveteranar sine liv, menneske som vi ofte ikkje ser. For dette arbeidet har dei to gonger vore nominert til Den store journalistprisen. Etter kvart har dei samla inn fleire historier og ynskjer no å vise dei enkelte skjebnane i eit større perspektiv.

Presentasjon ved forfattar Bjørn Asle Nord og fotograf Håvard Bjelland

Stad: Fretheimsalen Fretheim hotell