Back to All Events

Frank Aarebrot - Krisa på Krim og i Ukraina (NB: Endring i programmet)

Foto: UiB

Foto: UiB

ENDRING:

Av helsemessige årsaker kjem Frank Aarebrot inn og overtek denne programposten frå Jahn Otto Johansen.

Korleis forstå Krim og Ukraina.

Er det nasjonalistisk agitasjon som bidreg til å skape og vedlikehalde krisa?

Frank Aarebrot gjev oss eit innblikk i historia og konflikten.

Krimtataren og gitaristen Enver Izmaylov vil krydre foredraget med musikk frå regionen.

Frank Aarebrot er statsvitar og professor i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen. Han er òg professor II i demokratiutvikling ved Örebros universitet i Sverige. Han føreles blant anna ved Institut des Sciences Politiques i Frankrike og ved Humbolt-universitetet i Tyskland.

 Han har leia fleire internasjonale prosjekt og vore redaktør av og medforfattar til ei rekkje bøker om demokratrisering i Europa etter at kommunismen braut saman. Aarebrot forskar innan felta nye demokrati og demokratisering, valanalyse og metodikk, europeisk integrasjon og forskningsformidling, men er i Noreg kanskje mest kjend som politisk mediekommentator og ekspert på val.

 Grunnlova på 200 minuttar er eit av dei siste store prosjekta til Frank Aarebrot. Då NRK 1 sende dette programmet tidlegare i år, sat hundretusenvis av nordmenn i godstolen og følgde med. Interessa for programmet kan samanliknast med månelandinga til Apollo 11 ekspedisjonen, attende i juli 1969.

Later Event: November 1
Årets festivalmiddag.