Konsert med gitaristen Enver Izmaylov

Enver Izmaylov

Gitaristen, strupesongaren og komponisten Enver Izmaylov er ein verdsborgar, busett i Simferopol på Krim. Han tilhøyrer folkegruppa Krimtatarane, og i 1944 vart denne folkegruppa deporterte etter ordre frå Stalin. Mange av dei hamna i Ferganadalen i Usbekistan, der Enver vaks opp. Først litt utpå åttitalet fekk dei returnere til Krimhalvøya og etablere seg på nytt.

Enver fekk ikkje noko opplæring i gitarspel, og måtte difor prøve seg fram på eiga hand. På denne måten utvikla han ein unik speleteknikk som ein ikkje finn hjå andre. Absolutt ikkje etter læreboki!

Enver Izmaylov komponerer det meste av musikken sjølv, inspirert av folkemusikken til tatarane, tyrkarane og folkegruppene på Balkan. Gitarspelet og musikken til Enver kan ikkje skildrast, ein må berre nyte det med alle sansar vidopne. Det er nesten ikkje grenser for kva han kan få ut av gitarane sine, noko den første videoen syner (sjå linkar under). Det humoristiske innhaldet i konsertane skal ein heller ikkje gløyme, kanskje nokon får bakoversveis?

Enver Izmayliv kjem til å delta ved ei rekkje høve under årets Nynorske litteraturdagar, mellom anna på Geir Lysne sitt tingingsverk Sanz, på presentasjon av bunadar og folkedrakter frå Sogn, under Jahn Otto Johansen sitt kåseri og med eigen solokonsert.

Enver Izmaylov har halde konsertar over heile verda og gjeve ut ei rekkje cd-plater og dvd-ar.

Video:

https://www.youtube.com/watch?v=4HFz4adXmV8

 https://www.youtube.com/watch?v=oY2Q1gpel9U&list=UU_cRP-knc0N8JWY7tSkTHNQ

 https://www.youtube.com/watch?v=u0ZX7VVjIds

 https://www.youtube.com/watch?v=3pU9aUvA9c8

 https://www.youtube.com/watch?v=uXFjYorR4Tw

Lyd:

 https://soundcloud.com/enver-izmaylov/enver-zmailov-with-my-best-1

 https://soundcloud.com/enver-izmaylov/around-the-black-sea-sudak

 https://soundcloud.com/enver-izmaylov/enver-zmailov-with-my-best-3

https://soundcloud.com/enver-izmaylov/enver-zmailov-river-of-time-3

Stad: Ægir Bryggeri & Pub