Kulturquiz med Unni og Einar Johan


Unni og Einar.jpg

Kulturquiz med Unni & Einar Johan

Quizmeistrane våre, Unni og Einar Johan Asphaug, høyrer til dei mest trufaste av litteraturdagane sitt publikum. Berre ein gong har dei gått glipp av dagane, og då med ”lovleg forfall” (USA).

Dei deler gjerne på den breie kunnskapen sin på kulturfeltet, ein kunnskap som dei mellom anna har henta frå opphald i Afrika og Asia.

Einar er fødd i Mo i Rana i 1947, men med foreldre frå Sogn. Han er no pensjonist på sjette året, er utdanna petroleumsgeolog, og som den tredje som vart uteksaminert i Noreg på -70-talet, kunne han velja og vraka i jobbar. Det blei Statoil som fekk tilslaget, og der har han jobba heile si yrkeskarriere.

Unni er fødd i 1948, og vaks opp på Bakken turistheim på Ohnstad. Ho er norsklektor frå universitetet i Bergen og har undervist på St. Olav i Stavanger, deretter på Fana gymnas i Bergen. Unni er òg pensjonist no - på andre året.

Begge likar svært godt å delta på quiz, men denne gongen er det dei som vil stille spørsmåla, der dei utfordrar publikum sin kjennskap til både lokale tilhøve og ting enno lenger ute i verda. Unni og Einar har snekra saman ein quiz som både kan oppfylle dei tre slagorda våre, Folkeleg, Raus og Levande, og samstundes motivere publikum til innsats. Her blir litt av kvart for ein kvar smak, der spørsmåla spenner over mange og ulike tema – litt geografi, ein dæsj lokalkunnskap, musikk, dialektuttrykk  og – sjølvsagt - norsk litteratur. Dei som måtte sakna fotballen oppi dette, kan til dømes ta seg ein luftetur medan quizen føregår.

Stad:  Ægir Bryggeri & Pub