Opptur kysten Bergen - Stad

Foto: Svanhild Breidalen

Foto: Svanhild Breidalen

 

Torkjell Djupedal

(f. 1957) er frå Selje og har vore busett i Førde sidan 1992. Han er cand.mag. i samfunnsfag ved Universitetet i Bergen og har ein mastergrad i journalistikk frå University of Oregon i USA.

Djupedal har vore journalist i Gula Tidend i Bergen (1986-89), informasjonsarbeidar i Sogn og Fjordane fylkeskommune (1989-92) og radiojournalist i NRK Sogn og Fjordane (1992-97). Siden 1998 har han vore forfattar, forleggjar og dagleg leiar i Selja Forlag.

Knut Magne Nesse

(1975) er sokneprest i Kinn, og medforfattar bak boka Opptur Kysten Bergen - Stad. Han har alltid vore interessert i naturopplevingar og kultur, og er mellom anna sterkt engasjert i Kinnaspelet.

Finn Loftesnes

(f. 1947) er frå Sogndal, der han også bur.

Finn Loftesnes er fotograf og lærar på Sogndal Folkehøgskule. Gjennom ei årrekkje har han fotografert natur og landskap i Sogn og Fjordane, og me har hatt gleda av å nyta mange av dei flotte bileta hans på Nynorske litteraturdagar. Finn har elles vore flyfotograf i Opptur-bøkene, og også levert bilete til fleire andre bøker på Selja Forlag.

OPPTUR KYSTEN Bergen-Stad

Vandring - Sykling - Bil - Båt - Kultur - Pilegrim

OPPTUR-bok nummer 7 inneheld 30 ruter, 116 flyfoto og 663 opplevingar langs kysten Bergen Stad.

OPPTUR KYSTEN BERGEN–STAD tek deg med på tur på Vestlandskysten, eit fjord- og kystlandskap som er kåra til eit av dei flottaste reisemåla i verda. Frå Bergen i sør, og nordover gjennom Nordhordland, ytre Sognefjorden, Sunnfjord og Nordfjord til heilagøya Selja og Vestkapp, ytst på Stad.

OPPTUR KYSTEN BERGEN–STAD er den sjuande boka i OPPTUR-serien, og skil seg frå dei andre ved at ein her er på tur i låglandet langs kysten, med samanhengande strekningar. Detaljomtale av 30 ruter og 663 stader å stoppe.

Alle rutene og stadene er flyfotograferte og teikna inn på 116 flyfoto. Boka har meir enn 1000 andre foto. Stort utbrettskart over heile området.

Anten du tek ein ettermiddagstur, ein helgetur eller ein ferietur, OPPTUR KYSTEN BERGEN–STAD har alt du treng å vite for å få mest mogeleg ut av turen.

Fretheimsalen Fretheim hotell