Lyrikk i tonar og ord

Ove Eide les frå boka ”Dikt i utval” av Jan Magnus Bruheim i musikalsk samspel med trio.

Ove Eide er norsklektor ved Firda vidaregåande skule på Sandane. Som kulturarbeidar og forfattar har han vore sterkt engasjert i formidlinga av Jakob Sande si dikting, og har òg skrive ein biografi om Sande.

Denne gongen har Ove gjeve seg i kast med å redigera eit utval av dikt frå Jan Magnus Bruheim sin rikhaldige produksjon. Han måtte pent lesa gjennom alle diktsamlingane til Bruheim frå 1941 og fram til lyrikaren gjekk bort i 1988 før han kunne gje seg i kast med den spennande og utfordrande ferda det vart å plukke ut dei 250 dikta som er med i boka.

– Jan Magnus Bruheim er ei av søylene i nynorsklyrikken, og dette er ein måte å lyfte han fram att på. Bruheim skriv på ein måte som gjer at han framleis er veldig aktuell. Dette er visdomsord i diktform, seier Ove Eide.

På litteraturdagane får me høyra Ove lesa dikt frå boka i eit musikalsk samspel med tre ungdomar, Vilde Torheim Skjerdal frå Aurland (vokal), Eirik Ask frå Svelgen (tangentar) og Lauritz Skeidsvolls frå Kleive i Møre og Romsdal (saksofonar).

Arrangementet går i Fretheimssalen på Fretheim hotell laurdag kl 22:00.


Stad: Fretheimsalen Fretheim hotell