Back to All Events

Lars Mæle: Linnés dystre lærdom

LARS MÆHLE

(f. 1971) kjem frå Sunndalsøra på Nordmøre. Han har skrive fleire bøker for barn og unge, og fekk sitt store gjennombrot med fantasyromanen Landet under isen i 2009.

Mæhle debuterte med ungdomsromanen Keeperen til Tunisia i 2002. Den prislønte filmen Keeper’n til Liverpool (2010), er basert på denne boka. Narnia-draumar (2005) er ein frittståande oppfølgjar til denne romanen.

Fantasyromanen Landet under isen (2009) markerte eit gjennombrot for Lars Mæhle. Her tek forfattaren i bruk element frå kriminalforteljinga, samtidig som innsikt i dei tre store verdsreligionane – jødedom, kristendom, islam – er sentrale. Romanen blei tildelt Kulturdepartementet sin litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok 2009, og vann UPrisen i 2010. Boka blei dessutan nominert til Brageprisen og Ungdommens Kritikerpris.

Lars Mæhle har skrive fleire bøker for yngre barn, m.a. dei elleville bøkene om tospannet Harry og Ivar. Den første av desse, Harry og Ivar finn opp krutet (2003), blei dramatisert for barnetimen og er omsett til dansk. Mæhle har studert ved Universitetet i Oslo der han har teke hovudfag i litteraturvitskap. Han har arbeidd som skribent, meldar og forlagsredaktør.

Med krimserien om psykolog og kickboksar Ina Grieg har Lars Mæhle etablert seg som ei ny, sterk stemme blant nordiske krimforfattarar.

LINNÉS DYSTRE LÆRDOM

Ny bok i serien om den hardtslåande psykologen Ina Grieg

Ein invitasjon til klassetreff gjev nytt liv til eit av Ina Griegs fortrengde mareritt. Då ho vaks opp, forsvann ei 14 år gammal jente, Sonja Lerdahl, på gåtefullt vis. Mistanken blei retta mot Tom Kaser, ein 19-åring kalla «botanikaren». Men noko lik blei aldri funne, og han blei aldri tiltalt.

Kva skjedde med Sonja? Var det Tom Kaser som bortførte og drap henne? Eller nokon annan? Eller er Sonja framleis i live?

Linnés dystre lærdom er ein nervepirrande krim om den eine, avgjerande augeblinken som brått snur opp ned på alt. Boka er den andre i serien om Ina Grieg, tobarnsmor, kickboksar og psykolog. Den første boka i serien, Den mørke porten, er selt til Italia og Tyskland.

Intervjua av Magnhild Bruheim

Stad: Heradshuset på Aurlandsvangen