Norsk songskatt gjennom 200 år

Me har fått mange og flotte tilbakemeldingar frå dei som fekk oppleve avslutningskonserten i fjor, både frå aktørar og publikum.

  • Dette var utruleg kjekt!

  • Så flott å sjå så mange av våre eigne prestere på eit så høgt nivå!

Ein skal aldri endra på eit vinnande lag, heiter det i fotballspråket, og det har me heller ikkje planar om å gjera. Dessverre får me ikkje med oss Kor Blå i år, men konserten vil i hovudsak elles byggje vidare på arrangementet i fjor, og me kan lova at det blir rikeleg med unge stemmer frå scena!

 

I konserten vil me servera innslag som er knytte til historia rundt nasjonalsongen, elevar frå ABU gjev oss eit historisk tablå rundt kampen for sjølvstende, og unge og ikkje fullt så unge solistar gjev oss smakbitar på både eit og hitt.

 

Den fyrste song og La det swinge er titlar me sjølvsagt må ha med, og i tillegg får musikklaget, koret og spelemannslaget det til å kribla både her og der.

 

Martin Hendriks er kunstnarleg ansvarleg i år som i fjor, og vil på sin lune (men likevel tydelege!) måte få fram det beste av musikalitet og god stemning hjå så vel aktørar som publikum.

Stad: Aurland idretts- og samfunnshus