Filtering by: 2016

Sigrid Moldestad - konsert med nynorske salmar
Oct
23
4:00 PM16:00

Sigrid Moldestad - konsert med nynorske salmar

 Sigrid Moldestad. FOTO: Magnus Skrede

Sigrid Moldestad. FOTO: Magnus Skrede

Sigrid Moldestad tek med seg fantastiske musikarar til Vangen kyrkje søndag 23. oktober, for å framføra konserten "Sova under englevakt i stova".

Med seg har ho Sigbjørn Apeland på trøorgel, Kåre Opheim på trommer og BJ Cole på pedalsteel. Og når ein toppar dette med Vangen kyrkje i Aurland som arena, så er ein garantert ei fantastisk oppleving!

Sigrid Moldestad er ein av Norges fremste artistar innan folk og tradisjonsmusikk. Ho kjem frå Breim i Nordfjord og har beina trygt planta i strøkets friske og utadvendte folkemusikk. Gjennom sine fem soloplater har hun skapt eit eige uttrykk der ho blandar tradisjon med eigne låtar og tekster på nynorsk. Med eit sterkt forteljarhjarte har ho ei eiga evne til å røra publikum anten det er i leikfull kraft eller melankoli og vakre sjølvskrivne viser og tekster. 

Med konserten “Sova under englevakt i stova” siterer folkartisten Moldestad ein av sine favorittsalmar. Denne og fleire til skal fylle eit særmerkt konsertprosjekt der dei nynorske tekstane står i fokus. 

Å synge salmane på nynorsk var ganske revolusjonært og til og med ulovleg i si tid. Landsmål som kyrkjemål vart først godkjent i 1892 og den første nynorske salmeboka kom i 1925.

Sigrid Moldestad og musikarane lovar ein nær og annleis konsert med nynorske ord frå fantastiske salmediktarar som t.d Elias Blix, kanskje den største salmediktaren av dei alle. Kledd i folketonedrakt, melodiar slik ein kjenner dei og nye melodiar.

For meir informasjon om Sigrid Moldestad, sjå her.  

NB! Me tek førehald om endring i tida for denne konserten - den kan bli flytta til litt seinare på dagen. Informasjon om dette vil i så fall koma raskt!

 

View Event →
Elena Ferrante-bøkene på nynorsk
Oct
23
1:30 PM13:30

Elena Ferrante-bøkene på nynorsk

Omsetjar Kristin Sørsdal. FOTO: Jan Lillebø

"Alle" har lest dei første tre bøkene i Napoli-kvartetten av Elena Ferrante. Omsetjar Kristin Sørsdal fekk i april Målprisen 2016 for sitt arbeid med å setja dei fire bøkene i Napoli-kvartetten om til nynorsk. Forfattaren Elena Ferrante har hatt ein sensasjonell suksess over heile verda med bøkene om dei to venninnene Elena og Lila - og takka vera Sørsdal har Ferrante-feberen også kunna breia seg i Noreg.

Forfattar og omsetjar Øystein Vidnes kjem for å samtala med Kristin Sørsdal om desse bøkene, omsetjing, språk og skriving.  

View Event →
Oct
23
12:30 PM12:30

Litterær samtale mellom Lars Amund Vaage og Jan H. Landro

Det er eit gripande og personleg møte med forfattaren Lars Amund Vaage som ventar oss denne dagen. Vaage har skrive både for born og vaksne, men har fått spesielt mykje merksemd som prosaforfattar for vaksne - med bøker som søkjer innover mot det personlege og ekte. 

 Lars Amund Vaage. FOTO: Hans Jørgen Brun

Lars Amund Vaage. FOTO: Hans Jørgen Brun

I samtale med Jan H. Landro er det romanen Syngja det i all hovudsak skal dreia seg om. Ein roman som er djupt personleg, vakker og tankevekkande - som tek føre seg livet med ei dotter som har autisme. Romanen er eit forsøk på å skriva hennar historia, og syner kor vanskeleg det er, men òg kor viktig det er å prøva å forstå ei som ikkje let seg forstå. 

Vaage og Landro kjem også til å snakka om essayet Sorg og Song - der Vaage skriv om kor vanskeleg det var å skriva romanen Syngja

 

 

View Event →
Danseførestilling: Inkonsekvent
Oct
23
11:30 AM11:30

Danseførestilling: Inkonsekvent

Berit Einemo. Foto: Fan Wu

Søndag får publikum høve til å sjå ei danseførestilling utanom det vanlege. Førestillinga er eit resultat av ein danseverkstad der dansarane Anna og Berit Einemo har utforska ulike tema saman med born frå Aurland musikk- og kulturskule.

Tema for førestillinga: Alle menneske står ovanfor store og små val i livet. Definerer vala me tek kven me er? Kva er følgjene av å ikkje velje, er det i det heile mogleg? Nokre gonger handlar ein utifrå sjølvstendige val. Eller gjer ein eigentleg det når alt kjem til alt? Kor påverka blir me eigentleg av andre menneske?

Når ein er i ferd med å bli vaksen dukkar det opp stadig nye utfordringar og dei vala som tidlegare blei tekne hand om av vaksne omsorgspersonar må ein gradvis ta stilling til sjølv. Kjensler av tvil kan kome snikande og det er ikkje alltid like lett å bestemme seg.

Anna Einemo. Foto: Antero Hein

Saman med borna har Anna og Berit utforska korleis denne tematikken kan utspele seg gjennom rørsle og gruppedynamikk. I tillegg er litteratur frå nynorske forfattarar blitt nytta som inspirasjonskjelde i prosessen, mellom anna Halldis Moren Vesaas, Jon Fosse, Per Sivle og Aasmund Olavsson Vinje.

View Event →
Litterær speed-dating med SKALD forlag
Oct
23
11:00 AM11:00

Litterær speed-dating med SKALD forlag

Har du ein forfattar i magen? Eller kanskje du har ein god idè og kjenner ei stadig sterkare skrivekløe? No kan du prøve ideane dine på ein ekte forlagsredaktør!

Under  Nynorske litteraturdagar i år får du nemleg sjansen til å gå på speed-dating med forlagssjef Simone Stibbe i SKALD – og kanskje er det akkurat din bokidè som tenner gneister hjå det lokale forlaget på Leikanger.

– Men det er ikkje berre forfattarspirer me ser etter, presiserer Stibbe. Både omsetjarar, designarar, fotografar og illustratørar er hjarteleg velkomne til ein kjapp prat med oss!

SKALD forlag vil ta i mot folk fortløpande mellom kl 11 og 12:30, i resepsjonsområdet til Fretheim hotel i Flåm.

Så har du ein god idè, eller eit eller anna kreativt prosjekt som ligg og ulmar, fyll ut skjemaet og ta det med deg på festivalen. Det kjem også til å liggja skjema på sekretariatet vårt under Nynorske litteraturdagar.

Last ned skjemaet her: Litterær speed-dating

View Event →
Tor Jonsson Orkester med Aasmund Nordstoga
Oct
22
10:30 PM22:30

Tor Jonsson Orkester med Aasmund Nordstoga

2016 er året me markerer 100-årsjubileet til den store diktaren Tor Jonsson frå Lom. Tor Jonsson Orkester tek med seg Aasmund Nordstoga og konserten "Tor Jonsson - 100 år med kjærleik og død", og avsluttar laurdagskvelden vår på Fretheim. 

Tor Jonsson Orkester: Hildegunn Hovde (song), Aslak Brimi (fele), Trond "Highasakite" Bersu (trommer), Stein Magne Eggen (akkordeon), Aksel Jensen (bass) og Gudmund Bolstad Skjær (gitar). Gjestevokalist: Aasmund Nordstoga.

 

View Event →
Konsert med Longhorn - "Pao eigne bein"
Oct
22
8:00 PM20:00

Konsert med Longhorn - "Pao eigne bein"

 Coveret på den nye CDen til Longhorn. FOTO: Kristen Olav Grøttebø

Coveret på den nye CDen til Longhorn. FOTO: Kristen Olav Grøttebø

Longhorn ute med ny CD!

Longhorn er kjent for dei fleste, og vert rekna for fylkets eldste countryband. Dei er no ute med CDen "Pao eigne bein" - med eigenkomponerte melodiar som vert framførte på rein lærdalsdialekt. 

I 2013 gav dei ut Hometown Street, som inneheld fleire publikumsfavorittar. Longhorn kallar seg glade amatørar, men musikken er slett ikkje amatørmessig.  Longhorn er kjende for å skape god stemning og fylle dansegolvet.

View Event →
Oct
22
5:00 PM17:00

Tidlaust landskap - Karl Seglem, Jorunn Barane og Jonas H. Sjøvaag

 Karl Seglem.

Karl Seglem.

Tidlaust landskap er ei framsyning, ein konsert, ei reise. Hybrid. Ordlaus lyd som bølgjar i samklang med røyster som i eine augneblinken fortel høgt og manande og som i den neste kviskrar poesi. Lyd og ord, bilder som smeltar saman i den som lyttar og vonaleg kan opna opp til noko nytt i kvar og ein. Vi må våga å gå inn i eit meir mytifisert landskap i oss sjølve, og samstundes la oss bli påvirka av den ur-krafta naturen er. Finna og formidle den poetiske krafta i oss sjølve og i naturen. Musikken, klangen, blir enkel og basert på lyden av horn/bein og trommer/skinn, kobla mot og utvikla gjennom bruk av elektronikk.

 Jorunn Barane.

Jorunn Barane.

Dei tekstlege utgangspunkta er norrøne forteljingar, huldresegn og eigen poesi. Vi vil at det skal vera nært og ekte, men samstundes vil det peika utover, framover, både lyd og innhaldsmessig. Ikkje alt skal eller kan forståast eller forklarast. At urframføringa skjer på eit hypermoderne nyvinnande framkomstmiddel i eit ur-gammalt landskap, er eit paradoks som inspirerer oss. Konserten, framsyninga, reisen er også hybrid. Det kjem også til å vera opne improviserte sekvensar der naturen sjølv kan bli medspelar. Kven veit ? Munnleg forteljar-tradisjon treng eit intimt rom, eit samspel både med tilhøyrarane og omgjevnadane. I dette tilfelle ein moderne "ferjesalong" på mektige Nærøyfjorden. Vi gler oss til å ta lyttarar i alle aldrar med på denne reisa i tidlaust landskap.

Jorunn Barane, røyst

Karl Seglem, bukkehorn, t.sax, røyst, poesi, elektronikk

Jonas Howden Sjøvaag, håndtromme, røyst, elektronikk

Det blir sett opp buss frå Flåm til Gudvangen kl 1630, 1645 og 17 for dei som skal bli med på båtturen som går frå Gudvangen kl 1730.

View Event →
Dei diktande mødrene våre - Hagerup, Vesaas og Takvam
Oct
22
3:00 PM15:00

Dei diktande mødrene våre - Hagerup, Vesaas og Takvam

Vår eiga Ragnhild Sælthun Fjørtoft tek med seg dei tre vidgjetne diktarsønene Klaus Hagerup, Olav Vesaas og Magnus Takvam for å samtale om dei diktande mødrene sine. Som søner av Inger Hagerup, Halldis Moren Vesaas og Marie Takvam kan dei gje oss eit heilt unikt innblikk i både liva og forfattarskapa til tre av våre verkeleg store kvinnelege forfattarar.  

View Event →
Programendring! Nynorske klassikarar med SKALD forlag og Jan H. Landro
Oct
22
1:30 PM13:30

Programendring! Nynorske klassikarar med SKALD forlag og Jan H. Landro

Gunnhild Øyehaug må diverre melda avbod grunna sjukdom, og me kan ikkje anna enn beklaga på det sterkaste til dei som har gledd seg til å treffa Øyehaug.

 Øystein Vidnes

Øystein Vidnes

 

Me kan heldigvis informera om at programposten blir erstatta av fantastiske folk frå SKALD forlag si satsing på Nynorske klassikarar. SKALD forlag har i haust lansert si første omsetjing av klassikarar frå verdslitteraturen til nynorsk. Jon Fosse har omsett Forvandlinga av Franz Kafka, i tillegg til andre forteljingar Fosse tykkjer spesielt godt om. Neste ut i serien er Mary Shelley si bok Frankenstein, sett til nynorsk av Øystein Vidnes. Publikum vil få ein eksklusiv første smakebit frå denne boka - før alle andre! 

Me får i tillegg møta forlagssjef Simone Stibbe i denne samtalen med Øystein Vidnes og Jan H. Landro. 

 Simone Stibbe

Simone Stibbe

Lanseringa av den første boka i serien fekk stor og fortent merksemd på grunn av omsetjingsarbeidet til Fosse, men også på grunn metoden dei valde å lansera boka - med opplesing minutt for minutt, direktesendt på nettet.

Dette kan festivalpublikummet få sjansen til å gjenoppleva ved å ta turen innom festivalbokhandelen vår i løpet av helga. Direktesendinga ligg på ein pc med høyreklokker til, der de kan oppleva Jon Fosse si høgtlesing. I tillegg får de oppleva folkelesnaden av resten av forteljinga - også dette direkteoverført på nett. 

View Event →
PROGRAMENDRING: Jan H. Landro presenterer biografien om målaren Bernt Tunold
Oct
22
12:30 PM12:30

PROGRAMENDRING: Jan H. Landro presenterer biografien om målaren Bernt Tunold

Kjartan Fløgstad må diverre melda avbod til årets arrangement, og sjølv om det alltid er trist å måtta avlysa annonserte programpostar, så er det ei glede å informera om at tidlegare kulturredaktør i BT og vår eminente bokbadar Jan H. Landro har takka ja til å steppa inn. 

 Jan H. Landro

Jan H. Landro

 Bernt Tunold: Frå Mundal i Fjærland (1932)

Bernt Tunold: Frå Mundal i Fjærland (1932)

Landro er aktuell med ein biografi om målaren Bernt Tunold (1877-1946) frå Selje og vil fortelja om hans liv og kunst. Tunold var samstundes med Astrup og kom litt urettferdig i skuggen av han. Tunold har nærast kartlagt Vestlandet gjennom kunsten sin. År etter år var han på målarferd, frå Sunnmøre i nord til indre Ryfylke i sør, men framfor alt oppheldt han seg i Sogn og Fjordane, sjølv om han i fleire tiår hadde Bergen som bustedadresse. Boka er i produksjon frå Selja Forlag i desse dagar og skal lanserast 8. november i år. Festivalpublikumet får altså ein første og såleis eksklusiv presentasjon av dette bokprosjektet. 

Jan H. Landro blir elles å treffa på festivalen vår i samtale med Gunnhild Øyehaug og Lars Amund Vaage. 

 

View Event →
Boklansering: Biene, av Meelis Friedenthal
Oct
22
11:30 AM11:30

Boklansering: Biene, av Meelis Friedenthal

I samarbeid med Bokbyen Skagerrak vert det boklansering under Nynorske litteraturdagar også i år! 

Den estiske forfattaren Meelis Friedenthal fekk EUs litteraturpris i 2013 for romanen Biene, som også har fått fleire litteraturprisar i Estland. Biene er til no komen ut i Italia, Latvia, Nederland og Norge, og fleire omsetjingar er under arbeid. Friedenthal er professor i Tartu, og er denne vinteren gjesteprofessor i Uppsala. 

Øyvind Rangøy debuterer som omsetjar av romanar med denne boka. Rangøy er lyrikar, omsetjar og mellom anna redaktør av medlemsbladet til Norsk Estisk Forening.

Biene kjem ut på Bokbyen Forlag i Tvedestrand, og forlagsredaktør Jan Kløvstad leier samtalen mellom forfattar og omsetjar på Fretheim hotel. 

Nytt sjansen til å bli kjend med ein spennande estisk forfattar! Vel møtt!

 Forfattar Meelis Friedenthal. Foto: Bokbyen Skagerrak

Forfattar Meelis Friedenthal. Foto: Bokbyen Skagerrak

View Event →
TYL-kveld med Finn Tokvam og Halvor Folgerø
Oct
21
10:30 PM22:30

TYL-kveld med Finn Tokvam og Halvor Folgerø

 Finn Tokvam og Halvor Folgerø. FOTO: samlaget.no

Finn Tokvam og Halvor Folgerø. FOTO: samlaget.no

Forlaget skriv dette om kultromanen TYL:

TYL: m1 vestnorsk skjellsord, dum, naiv mannsperson, din t-, f1 di t-e ; blir også brukt vennskapeleg, i tydinga intelligent tosk.

Tyl er ein sorgmunter og humoristisk roman om kjærleik, vennskap og sakn. Og om kunsten å vere seg sjølv. Ove Ullkvam bur i ei lita bygd. Han lurer på når livet eigentleg skal ta til, og saman med kameraten Ragnar fyller han dagane med mokkabønner, Charlie Parker og Olav Stedje. Og med draumen om den store kjærleiken.

Og med nytt opplag ute av denne kultromanen, må det jo berre bli TYL-kveld på Nynorske litteraturdagar også! Og me høyrer rykte om at kanskje Olav Stedje dukkar opp...

View Event →
Litterær samtale mellom Gudmund Skjeldal og Kristian Finborud: Begrav meg i snø
Oct
21
9:00 PM21:00

Litterær samtale mellom Gudmund Skjeldal og Kristian Finborud: Begrav meg i snø

 Gudmund Skjeldal. Foto: Ellen Lande Gossner

Gudmund Skjeldal. Foto: Ellen Lande Gossner

 Kristian Finborud. Foto: Per Finne

Kristian Finborud. Foto: Per Finne

«Kan du ikkje kikka på desse tekstane, og kjenna om du får lyst til å teikna noko til dei?» Dette var Gudmund Skjeldals opne, men også nokså freidige invitasjon til kunstnaren Kristian Finborud. Det var etter monstervinteren 2014. I fjella rundt Voss syntest det aldri å slutta å villa snø. I låglandet regna det.

Finborud, visste Skjeldal, har denne eigne evna å lokka fram det blå lyset frå snøen i trykka sine, men kanskje kan han også fargeleggja den harmen somme av oss kjenner når snømennene og skispora regnar bort? Ut av tekstane til Skjeldal blei dei ei heil dagbok. Ut av trykka til Kristian Finborud blei det ein heil vinter. Begrav meg i snø er den barnlege, men også vaksne erkjennande overskrifta, på dette fruktbare samarbeidet.

Møt dei i Fretheimsalen i Flåm!

For meir informasjon om kunsten til Kristian Finborud, sjå her

View Event →
ROSE - Fliflet med Robert Burns på nynorsk
Oct
21
7:30 PM19:30

ROSE - Fliflet med Robert Burns på nynorsk

ROSE: Anders Røine, Gabriel Fliflet og Kirsten Bråten Berg. FOTO: Vidar Herre

I konserten Rose møter du tre av våre beste folkemusikarar, med songar av Robert Burns til ny, melodiøs musikk av Gabriel Fliflet.

Kirsten Bråten Berg – song, munnharpe, egg, Anders Røine – langeleik, gitar, fele, munnharpe, song og Gabriel Fliflet – trekkspel, piano, song.

FOTOKJELDE: Wikipedia

Robert Burns levde på slutten av 1700-talet, men er framleis ein av dei mest elska songpoetane i verda. No har den fargerike musikaren og musikkmakaren Gabriel Fliflet dikta heilt nye tonar til mange av Burns sine songar, i fabelaktig omsetjing til norsk av Johannes Gjerdåker.

Det nykomponerte verket til Fliflet har fått namnet Rose etter A Red, Red Rose – den mest kjende songen til Burns ved sida av Auld Lang Syne. Rose er eit tingingsverk til Vossajazz 2016. Med utgangspunkt i danserytmar som gangar, vals, springar og reinlendar vil grunntonen kvila i norske tradisjonar. Klangar og tonesprang frå fjernare himmelstrøk vil nok likevel òg trenga seg på. 

Det er duka for eit skikkeleg stjernemøte i Fretheimsalen denne kvelden - med musikarar av ypparse klasse!

Meir info finn du på Gabriel Fliflet si heimeside.

View Event →
Skulearrangement: Terje Torkildsen vitjar ungdomsskulen
Oct
21
10:00 AM10:00

Skulearrangement: Terje Torkildsen vitjar ungdomsskulen

 Forfattar Terje Torkildsen

Forfattar Terje Torkildsen

Terje Torkildsen er ein populær ungdomsbokforfattar og den einaste som har vunne Uprisen to gonger. Han er utdanna norsklektor og skriv på nynorsk. I tillegg til dette er Torkildsen komikar og bruker mykje humor i formidlinga. Hausten 2016 kjem han med ny bok, Stavanger Stories 1, som er ein novellekrans om og for ungdom, men dei føregåande bøkene hans Arrfjes, Marki Marco eller Dystopia-serien, er godt kjende blant ivrige lesarar. 

View Event →
Morgonfrosken - konsert for born
Oct
21
9:00 AM09:00

Morgonfrosken - konsert for born

 F.v: Annlaug Børsheim, Ingemund Askeland og Mari Skeie Ljones.

F.v: Annlaug Børsheim, Ingemund Askeland og Mari Skeie Ljones.

Morgonfrosken syng songar om store spørsmål og emne som universet, tankane våre, einsemd og kjærleik, til nære og konkrete fenomen som vêr og vind, fuglar og froskar. Musikken er inspirert av norsk folkemusikk, så her blir det både vals, halling, rudl og reinlender.

Tekstane er skrivne av Per Olav Kaldestad og henta frå boka ”Når Morgonfrosken syng” og musikken er laga av Annlaug Børsheim frå Ulvik. Ho syng og spelar fele og gitar, og ho har med seg den banjospelande klarinettisten Ingemund Askeland frå Etne og felespelaren Mari Skeie Ljones frå Lillehammer. Trioen har turnert for Haugesenteret med Den kulturelle skulesekken i Hordaland og spelt ei rekke konsertar for store og små, og kjem dei altså til Aurland og Indre Sogn - for å presentera konserten om Morgonfrosken, som også har resultert i ei rykande fersk plate denne hausten. 

Konserten er del av årets skulearrangementet, og vil finna stad i Aurland idretts- og samfunnshus fredag 21. oktober på morgonen.

View Event →